Ufrivillig husdyr

Ja, for det er ikkje som om vi har vore på husdyrhandel idag.. Klokka er no snart 04:00 lokal tid.. Eg fekk ikkje sove pga alle myggstikka eg har fått, og sto opp for å smøre meg med nåke klødempane. I det eg sitte ved spisebordet og aner fred og ingen fare, så får eg ein følelse av at det er nåke som sitte på meg.. Eg snur meg og ser bort på armen, og der sitte tidenes største billa og ser meg inn i augene. Eg fekk sjølvsagt lettare panikk og slo til dyret for å få den vekk. “Heldigvis” landa den bare oppi ein liten vatnflekk som låg på bordet, og der såg eg djævelskapen låg på rygg og kjempa for å få snudd seg. På under 2 sekund hadde eg slått dyret av meg, tømt all drikko mi i vasken, fanga dyret i glasset og innsett at det var ein kakerlakk

SAMSUNG CSC

Ein kakerlakk liksom. Eit skadedyr. Eit monster som til og med leve av å eta sin eigen art.. Eg gir opp. Ho, ja for det er tydligvis ei dame, har til og med sendt ut ei ekkel lukt. På Wikipedia står det at damene sender ut denne lukta så han-kakerlakken skal finne dei. Så no kjeme dei vel mannsterke for å hente dronninga si.. *blææ*.. Sjå på dette dyret då! Svær som pokker. Her har eg prøvd å sammenligne med ein usb-kabe, men bildet lyg då usb-kabelen er lengre framme i bilde enn dyret.

SAMSUNG CSC

På Wikipedia leste eg at dei ikkje like kalde temperaturar, og foretrekker helst 84 Fahrenheit (29 grader).. Eg har no skrudd airconditionen ned til 70 Fahrenheit, bare for å være på den sikre sida. Eg har forresten og spraya heile leiligheten og alle sprekker med insektspray, så eg satser på at ikkje resten av kolonien tar turen for å redde han.  Ein ting er i alle fall sikkert, eg kjem nok til å sitte på vakt i natt. Blir vel lite søvn før heile leiligheten er gjennomsøkt for krypdyr!

SAMSUNG CSC

Og ja, eg veit eg ikkje skal klage. Eg får nemlig nok av snap fra Camilla som sitter i Phoenix. Ho sender slike koselige snap der ho har fanga skorpionar.. Så eg har vel å sjå fram til i november… 

Plutselig virke ikkje mosquitoes, hornets, ticks, deerflies og horsflies så gale likevell.. 

8 kommentarer

Siste innlegg