Endelig finvær!

Denne veka har det endelig vært litt fint vær her borte. Altså, vi skal jo ikkje akkurat klage då, for varmen er her sjølv om sola er erstatta med skyer og regn. 🙂

Idag brukte vi timane før jobb til litt planlegging av vår første reise her i USA. Planen er at Linda, Eirik, Vegard og eg skal på biltur til Orlando første helga i september. Vi tenkte i alle fall å besøke Universal Studio, så ser vi ka anna vi finne på på turen! Ååh, så vi gler oss 😀

Etter vi hadde vært på reisekontoret og fått i oss litt mat, for Vegard og Eirik på jobb og eg og Linda tok turen til stranda inne på basen for å få oss litt ettermiddagssol. Stranda på basen var ikkje like kvit og eventyrlig som den vi har vært på tidligare, men den var absolutt eir godt alternativ som er nært heima 🙂

Her står gliso våras parkert på basen! Vi har kjøpt oss ein Camaro 2ss og Linda og Eirik har kjøpt seg ein Dodge Challenger for året! Nåken skikkelige muskelbilar, men muligheten for å eige ein slik er vel bare ein gang i livet? Vi er i alle fall veldig happy med kjøpa!

Iihh, Linda og eg på tur heim i bilen deiras 🙂

Også eit lite bilde fra melonshopping før håndballkampen 😉 Og kampen? Herregud kor nervepirrande det var. Altså FOR ein kamp! Eg og Linda både hoppa og hylte i kor under dei mest intense minutta.. Sjølv om det ikkje holdt til finaleplass, så var det ein finaleverdig kamp. Får bare satse på at vi ikkje får nåken naboklager dei neste dagane…;-)

6 kommentarer

Siste innlegg