Sjølv om Vegard jobbar kveld her borte, så slapp eg heldigvis å sitte aleine på bursdagskvelden min! Tirsdag rundt 17 for vi, fruene og ungane, ut for ei lita feiring. Vi tok turen på ein italiensk restaurant som ligg nede ved sjøen. To av damene hadde fått denne anbefalt av nåken lokale, så vi rekna med at dette ville være ei lita perle av ein restaurant. Og så rett hadde dei! Her er vi alle samla
Restauranten serverte alt av italiensk ein kan tenke seg, pluss mykje sjømat. Sjømat er spesielt populært her på Fort Walton, så eg prøver å ete ein del av det når eg er her nede (blir vel minimalt med det i Phoenix..). Eg bestilte penne med scampi, blåskjell og kamskjell, og til dessert ein type lava chocolate cake. Wow, så godt det var, men å så mettande at ingen av oss klarte å ete opp middagen! Vi har faktisk ikkje ete dessert etter ein idag i usa tidligare, så vi tenkte at idag var dagen! Sjølv om ingen klarte å ete den opp heller :p
Etter middagen tok vi med oss vinglasset og gjekk ut på stranda som restauranten hadde. Og for eit område må eg bare sei! Denne restauranten blir nok forvandla til ein skikkelig strandbar når helga sig på. Her satt vi å nøyt den siste timen med dagslys før vi kjørte heimøve.
Sjekk stemningen på strandbaren! Her skal vi definitivt tilbake
Nydelig solnedgang. Himmelen blir alltid rosa når sola går ned her. Det er så fint, og eg blir aldri lei av å sjå på det eller ta bilder av det!
#usa #iviusa #florida #reise #travel #fortwalton
For en nydelig kveld det hørtes ut som! flott solnedgang og mat også ^^
Henriette Celin: Ja, ein nydelig kveld