Vi har tatt lappen!

Igår var endelig ventetida over, vi hadde oppkjøring på bil. Ikkje det at vi ikkje har kunna kjøre bil i USA på Norsk førerkort, for det kan vi. Men vi valgte å få Amerikansk førerkort både for bilforsikringen sin del, for å ha godkjent legitimasjon i Usa og fordi det er jo litt kult å ha Florida drivers license 😉

Vi kjørte til Niceville, ein liten by som ligg ca 20 min i fra oss. Etter litt papirarbeid på DMV (biltilsynet) var det tid for kjøredelen. Vegard først. Han var vekke i ca 15 min før han kom inn igjen. Veldig kort, men sikkert normalt tenkte eg. Samme prosedyre med meg. Eg tok på meg “oppkjøringsmaska” og skrudde tida tilbake for 6 år siden når eg hadde oppkjøring heime i Norge. Trur eg aldri har kjørt så riktig i heile mitt liv. Vegard lo til og med av meg for at eg brukte blinklys inne på parkeringsplassen. Better safe than sorry tenke eg 😉

Men eg kan ikkje sei eg er veldig imponert øve kva dei forvente ein skal kunne her borte.. Heile tida kjørte vi inni eit lite boligfelt utan andre bilar, og vi kjørte i maks 15 mph, som er ca 24 km/t. Vi tok ein 3 point turn på ein smal vei, hadde “bråstopp” i ca 30 km/t, stoppa på alle stoppskilta (som det er heilt enormt mange av) og parkerte mellom fire kjegler.. Altså, vi var aldri ute i trafikken å fekk vist oss. Med andre ord kunne vi like godt skreve etter lappen på nettet..Usa ass.. :p

Bildet er ikkje så mykje å skryte av, så det blir sensurert. Folk er så mykje lågare enn oss Skandinaviere her borte, så kamera er ikkje stilt inn til vår høgde. Froskeperspektiv er ein uheldig vinkel, foråseidetsånn….

Etter oppkjøringa tok vi turen på ein lokal restaurant som heiter AJ’s by the Bayou. Veldig koselig plass rett ved sjøen. Her skal vi definitivt tilbake ein seinare kveld når dei spelar live musikk.

Bare sjå kor idyllisk der var her! 🙂

6 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg