Universal studio Orlando

Her kjem ei lita oppdatering med masse bilder i frå turen vår til Orlando! Bedre seint enn aldri, eller? Kan tippe det kjem ein del 2 og, då det blei rimelig mange bilder ut i frå to kamera! 

Forrige helg var eg, Vegard, Linda og Eirik ein heilt fantastisk kjekk tur til Orlando og Universal Studio. Vi kjørte, som tidligare nevnt, gjennom området kor orkanen Hermine skulle treffe land på torsdags kveld og var trygt i Orlando i 17 tida. Vi tok då turen til Universal City Walk og åt på Hard Rock Cafe. Fredagen var første dag i parken. Vi hadde kjøpt billetta gjennom flybasen, så vi hadde fått ein ok deal. Vi hadde faktisk kjøpt 14 dagarspass, ikkje at vi trengte det, men det var enten 2 dagar eller 14 dagar. 14 dagar var absolutt billigaste om vi skulle være der i 4 dagar. Vi tenkte at når vi først skulle, så kunne vi like gjerne gå all inn!

Hulken! Den var kjekk, men og veldig populær.. Her må ein forvente å stå 30 min i kø på ein god dag.

Velkommen inn i Marvel og superheltanes land.

Vegard skulle teste styrken. Det vi ikkje såg før etterpå var at den var digital, og at dei som sto å passa på telte, slik at folk ikkje skulle vinne for ofte. Det hadde tydeligvis lite med styrke å gjere.. Tips: ikkje bruk pengar på denne 😉


“Tømmerrenna” ekstrem versjon.. Ikkje så gale, bare veldig overraskande!

Dette er ein av banane du blir søkk våt i. Kanskje ikkje så rart når folk kan stå å sprute vatn på deg igjennom banen. Du blir forøvrig og styrt inn under ein foss… Ha på lette kler som tørkar fort!

Krustyland og Simspsons! The Simpsons ride var ein simulator med 3D og 4D effektar. Så sjølv om simulatoren sto på ein plass heile tida, så føltes det som om vi var med i karusellen. 3D og 4D er virkelig nåke å anbefale. Det var mange attraksjonar som var laga slik her, og det var virkelig bra kvalitet på dei!

Duff beer! Redda vel dagen til to stk i følget 😉

Sammen med den ikoniske Simpsons donuten med rosa frosting. Smaken var faktisk ikkje så gale heller. Vegard ville gjerne kjøpe ein som var like stor som ei kake, men den hadde nok ikkje blitt oppeten 😉

Her trur eg det skal forestille Hollywood. Det er i alle fall veldig likt slik det ser ut der, med høge plamer og pastellfarga hus.


Kvar dag kl 17:00 er det og eit paradeshow i parken. Det var og ein framsyning med dans og musikk i 15 tida. 

Her er bildene frå sjølve paraden. Eg har filma den, så skal sjå om eg får laga ein film får heile turen vår 🙂

Og siden mitt kamera svikta, så tok heldigvis Eirik mange fine! Alle bildene som ikkje et tatt med mobil er det han som har stått for 🙂

#orlando #universalstudio #universal #islandofadventure #florida #usa #utlandet #ferie #iviusa
 

3 kommentarer
    1. Så utrolig gøy det så ut! elsker sånne 3D/4D greier, karuseller, og alt som hører med 😀
      Donutsene så knallgode ut, og så morro med parade. Ser frem til videoen ^^

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg