Tidlig Thanksgiving

I begynnelsen av oktober blei vi invitert til ein tidlig Thanksgiving-middag hos John. Han meinte at vi måtte ha det, siden vi har flytta til Phoenix når den skikkelige Thanksgivinghelga er. Han arrangerte med andre ord denne kvelden for oss, er ikkje det snilt? 😀  Han hadde til og med invitert fleire av sine amerikanske venner som blei med på feiringa. John er ein typisk amerikaner, slik ein tenker dei er. Super hyggelig, pratsom og sosial. Det er jo ein grunn til at vi har blitt så godt kjent med han 😊  I alle fall så hadde han sjølvsagt kalkun på menyen. Vrien han hadde var at kalkunen skulle være kokt i peanutt olje i ca ein time. Ja, her borte friterer dei det som kan friteres!  Vi var sjølvsagt litt skeptisk (med tanke på frityren), men det smakte fortsatt reint kalkunkjøtt.

SAMSUNG CSC

Heile gjengen klare for måltidet! Før vi åt spurte eg John om dei hadde nåken spesielle tradisjonar når det var Thanksgiving, og i så fall så hadde det vært kjekt om vi hadde gjennomført dei. Det var det jo, også bad han oss om å holde hender. Heilt på sparket så tok han ein takketale/ bordbønn for maten, vennskap, livet og slikt. Det var egentlig ganske stilig å sjå kor bra han bare tok det på sparket. Ingen tanke, alle orda bare kom ut. Etter han var ferdig så var det bare å hive innpå!

Personlig så var eg litt redd for at det var for lite mat til denne gjengen, men det er vel kanskje fordi eg er vane med ein så stor kalkun til 6 personar. haha, Nordmenn altså!  Det var faktisk akkurat nok mat, men om dette hadde vært på julafta eller nyttår så hadde det garantert vært for lite. 

Mesteparten av maten her borte ser jo veldig lite innbydande ut. Lite fargar som ropar mot deg. Men dette var faktisk veldig godt alikevel. Her er det kalkun til venstre, ein form for fløytesaus, potetstappe, tranebær “saus” (den var meir som gele) og ei ovnsbakt form med asparges, bacon og sjølvsagt ostesaus 😋  Litt rart å ikkje ha nåken ferske grønsaker på tallerkenen ja!

SAMSUNG CSC
Meg og Roy, klare for mat!

Vegard og Khaos blei gode venner etter dette bildet var tatt.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Så var det tid for litt vannleik. John gjore det han klarte (og litt til) for å få Vegard av tuben, men lukkast ikkje. Vegard var rimelig mørbanka og sår i kroppen etter å ha tviholdt seg fast 😅 

SAMSUNG CSC

Eg er veldig frista til å kjøpe eit slik Stand Up Paddleboard og ta det med meg heim til Norge. Hadde jo vært veldig gøy å ha på naustet! 😊

SAMSUNG CSC

Kvelden avslutta vi med bål på stranda og litt fisking med naboane. Både eg og Linda fekk litt småfisk uten at det var det heilt store. Etter vi hadde fiska i øve ein time så var vi egentlig på vei til å gi oss, men så ser eg at den eine fiskestanga er bøyd. Eg spring bort til den og skjønna fort at det var nåke stort på den for det var virkelig ikkje lett å dra opp fangsten. Eg hadde aldri i livet tippa at eg skulle få ei svær piggrokke / stingray på stang. For ein kul følelse når eg fekk dradd den opp😀 Sjå kor stor den er!

Fantastisk kveld! Tusen takk for 3 nydelige månadar Florida! Kjenner savnet av saltvatn og sand allerede her borte i Phoenix. Vi gler oss til våren 😀

SAMSUNG CSC

#usa #florida #iviusa #reise #thanksgiving #feiring# mat #sol #vannlek 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg