Her kjem litt bilder av leiligheten vi har fått tildelt for dei neste 5 mnd. Og for å sei det slik, eg trur nok virkelig at vi skal trivast her! Standarden her i Phoenix er tydeligvis ein heilt anna enn i Florida. Det er tydelig at Florida er ein “slitt” stat, og at ein betaler mykje for dårlig standard. Det er faktisk ganske mykje billigare å leige denne leiligheten, enn den i Florida. Leiligheten vi har flytta inn i no, er nylig pussa opp og er virkelig fin og gjennomført. Bare det at det er satt inn grønne blomar og hengt bilder på veggane gjer det så mykje meir heimekoselig enn det var i Florida!
Her kan dåke sjå bilder av leiligheten vi hadde i Florida.
Rett fra inngangsdøra kjem ein inn i stova. Bak meg er inngangsdøra, og til høgre er balkongen. Den har eg ikkje bilder av enda, for den ser så trist ut.. Så må få fiksa den litt opp før eg vil vise den 😜 Vi har sol der og då! Stort pluss 😀
Nytt og fint kjøkken. Igjen, litt liten benkeplass, men ein skal tydeligvis ikkje lage mat fra bunnen her borte. Det er vertfall mulighet for å stå to på kjøkkenet å lage mat ilag då 😊
Eit av bada og vaskerom. Ja, vi har jo sjølvsagt to bad her og. 😜
Gjesterom og hovedsoverom. Sengene er så store, høge og mjuke at vi kjem til å ha følelsen av å sove på hotell dei neste mnd. Med unntak av vaskehjelp då…🙄
Gjesterom
Vårt soverom
Skal lett sove som ei prinsesse her!
Så dette var ein real oppgradering i frå det vi var vane med. Blir spennande å sjå kva vi kjem tilbake til i Florida i mars/april. Her kjem vi til å få det så fint, og vi er så takknemmelige som får muligheten til dette! 😀
så innmari fiint!! <3
Vilde: Ja, ikkje sant? Vi er superfornøyde! 🙂
Fantastisk!! Kun det beste, for dei beste <3 Kos dåke!
Og du, prinsesser skal sova som prinsesser <3