Supernova

14. nov var det jo supermåne, og eg og Linda tok turen ca 15 min vekk i fra her vi bur for å sjå på den. Vi visste ikkje heilt kor vi skulle, og heller ikkje når den kom opp, så vi var veldig heldige når vi tilfeldigvis rulla inn på ein parkeringsplass på toppen av Verrado når klokka var 18:04. Ca to minutt etter vi kom ut av bilen så høyre vi dei andre folka som står der rope og peike av begeistring; “It´s comming, loook!!”. Og der kom den sakte men sikkert opp bak fjella i horisonten. Den var heilt raud når den kom opp, så himmelen lyste! Det var så nydelig 😄  

SAMSUNG CSC

Vi hadde sjølvsagt ikkje med oss kamera den dagen, så vi måtte kjøre tilbake dagen etter. Vi troppa opp på samme parkeringsplassen klokka 17:50, i god tid før månen skulle komme opp kl 18:08 (i følge oss to…). Så feil kan ein ta.. Kven skulle tenke på at månen kjem opp ca 1 time seinare kvar dag?! 😜  😅 Så då sto vi der og venta og venta, i øve ein time… 

SAMSUNG CSC

Bildene kan var ikkje så suuuper fine og tydelige då, siden eg ikkje har nåke spesielt god zoomlinse på kameraet mitt.. Men dette er nok ikkje nåke som kan opplevast gjennom eit kamera, for synet når månen kom opp bak fjella var bare heilt utrulig. Dagen før, altså den riktige dagen månen var på det største, så var månen ekstremt mykje større og finare!

SAMSUNG CSC

Ihh, så fint! Bare sånn 15 år til nestegang 😅

SAMSUNG CSC

#Phoenix #usa #iviusa #reise #supermoon #supernova 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg