Vaffelfredag!

Igår, fredag, var ein veldig travel dag faktisk. Var skikkelig deilig å føla at eg kunne stressa litt igjen.😅 Først var eg og Linda innom eit College, som ligg i nærheten, for å høyre om dei hadde nåken kurs ellet nåke vi kan finne på når Vegard og Eirik er på jobb. Vi fekk ein del informasjon, så tar vi turen tilbake på mandag for å snakke med ein studieveileder for å høyre mulighetane våre. Det heile står jo sjølvsagt på prisen. Klart det hadde vært kjekt å ta eit fag, men ikkje for kva som helst pris 😊

Tilbake til kva dagen gjekk til med etter besøket på Colleget. Fredag er vaffeldag for menna når dei jobba i Norge. Dei har "klaga" i 3 mnd no på at dei ikkje har fått vafler til lunch.. 🙈 Så når eg og Linda fekk nyss i at det var vaffeljern og fleire som ønska vafler på basen, ja då bestemte vi oss for å hive oss rundt å lage vafler til gjengen!

Røra laga vi torsdags kveld. Vi brukte Sjømannskirken sin San Fransisco oppskrift, og dobla den. Vi fekk vel rundt 7-8 l røre og det holdt heilt perfekt til 50-60 arbeidssomme Amerikanera! 👍

I Usa så er det jo heilt normalt å gi tips, så vi fant ut at vi kunne sette fram ei krukke som folk kunne hive litt pengar i. Ikkje slik at vi nødvendigvis skal gå i pluss, for det er ikkje tanken med dette, men slik at vi kan få dekka litt av utgiftene på røra 😊 Amerikanerane er jo så flinke til å tipse, at vi gjekk jo faktisk nåken dollar i pluss! Så då må vi nok komme tilbake for meir vaffelsteiking i desember! 😉

Når Vegard og Eirik kom heim i frå jobb på kvelden så hadde dei mange helsingar og gode ord til oss i frå alle dei andre på skvadronen. Dei gleda seg allerede til vi skal komme tilbake for neste steikerunde 🙈✌🇺 Så himla kjekt å gjere dette for folk som er takknemmelige og glade for nåke så enkelt som fredagsvafler! Lett vi må tilbake!😊

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg