Roadtrip til Sedona!

Helga 11-13. november var det langhelg og då benytta vi sjølvsagt muligheten for ein liten roadtrip. Turen gjekk nordøve, uten så mykje plan anna enn at Eirik og Linda måtte være i Sedona på lørdags morgon. Hensikten med turen var bursdagsfeiring for Linda, og eg og Vegard heiv oss sjølvsagt på det! På fredags ettermiddag satte vi oss i bilane og starta turen nordøve i staten.

SAMSUNG CSC
For eit fantastisk fasinerande landskap! Her i Phoenix “by” er det heilt flatt, men i det fjerne så kan ein sjå fjell rundt heile byen. Her er vi kome opp i fjella og er vidare på vei ned til Camp Verde, ein liten gruveby som ligg på nesten 1000 moh.  Heile veien kjører vi gjennom ein ørken, men det er ein ørken som det vokse planter i. For det meste er det mange forskjellige typar kaktusar, sukkulentar og “tørre” buskar. Veldig fasinerande for oss som er vane med granskog og bjørk langs veien 😅

– Montezuma Castle National Monument –

På veien googla vi som gale etter ting som var verdt å sjå langs veien. Vi stoppa ved Montezuma Castle, som er ein vel bevart klippebebyggelse som er bygd av Sinagua-folket. Kort fortalt er det eit “leilighetskompleks” i frå 1100-1400 tallet, som er bygd inni fjellet. Det er og den best bevarte klippebebyggelsen i Nordamerika. (No får dei som er spesielt interesserte heller google litt vidare😄 )

SAMSUNG CSC

Når vi ser eit slikt skilt så er det vel ei meining bak det?  😅 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Med leilighetskomplekset bak i fjellet!

På bildet under kan ein sjå etasjane som er inni fjella. Leilighetane er ikkje kun det som vi ser på bilda over her, men langs heile fjellveggen bortøve. Ein del av det har jo sjølvsagt forsvunne pga sol og tørke, men om ein ser på bilda under så kan ein tydelig sjå etasjane. 

Her ser vi grunnmuren av ein leilighetane. I midten ligg det ein stor svart stein som var litt utgravd. Det var nok der dei tente opp bål og laga mat 😊

Guttaboys!

SAMSUNG CSC

Etter at vi hadde vært i Montezuma, så kjørte vi vidare mot Sedona. Det tok ikkje lange tida før eg hylte til, og sa til Vegard at vi mååå kjøra bort der å sjå. Eg hadde då oppdaga ein haug med indianera som sto og dansa og sang! Linda hadde tydeligvis gjort det samme, så vi kunne bare følge etter Eirik og inn mot indianerane og musikken. Sjukt fasinerande, og ikkje minst heilt ekstremt flotte drakter/ klær dei hadde på seg! Sku nesten ønska eg var indianer når eg såg kleda deiras.. Eg er ikkje heilt sikker på kva dei gjorde på, men eg trur det var ein dansekonkurranse, der forskjellige stammer konkurrerte mot kvarandre. Fasinerande var det i alle fall!

SAMSUNG CSC

Kunst laga av gammalt skrapmetall!

– Red Rock Visitor Center –

SAMSUNG CSC

Etter ein liten stopp hos indianarane, så kjørte vi vidare til Village of Oak Creek. Synet som møtte oss var bare heilt fantastisk. Vi kom kjørande opp mot fjella når sola var ganske lav, siden den var på vei ned, så fargen på fjella blei enda meir intens enn den var til vanlig. Det vi ikkje visste var jo at dette kun var ein liten forsmak på ka som venta oss i sjølve Sedona, som så og sei ligg midt inni mellom Red Rock mountains.

SAMSUNG CSC

Firkløveren på tur! 💙

Her hadde vi visst sete litt lenge i bilen.. 🙈

SAMSUNG CSC

Supernovaen på vei opp 😀

SAMSUNG CSC

Bildene er ein god blanding av mine og Linda sine 

#usa #reise #arizona #route66 #travel #iviusa #sedona #campverde #fjell #tur

4 kommentarer

Siste innlegg