Heimelaga blomkålsuppe på gamlemåten!

Eg ser stadig fleire og fleire blomkåloppskrifter som går ut på at du skal mose heile blomkålen i suppa, slik at det blir ein jevn konsistens. Personlig så synes eg ikkje det er skikkelig blomkålsuppe, men meir utvatna stuing/mos. Eg likar blomkålsuppa best slik mamma og besto alltid har laga den til meg, rennande med små bukettar av blomkål i.👌👌 Og spesielt godt er det med slik mat som dette når ein er i utlandet! 😋

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 1 stk stor blomkål
  • 1 -1,5 l vatn
  • 2 ts salt
  • 1 ss smør
  • 2 ss Kveitemjøl
  • 1,5 dl Matfløyte
  • Du kan ha i ein halv terning med buljong.

 

Slik gjer du:

  • Skjær blomkålen i små bukettar og kok opp med salt. 
  • Lag jevning med smør og mjøl. –> Ta smør og mjøl i ei panne og rør rundt med ein visp til det blir fast. Spe deretter med blomkålkrafta. La dette koke i 3-4 minutt slik at mjølsmaken forsvinn.
  • Tilsett fløyte og krydder. Du kan bruke salt, pepper, muskatt, evt buljong. Kok opp på nytt. 
  • Legg blomkålen i suppa og server gjerne med sprøsteikt bacon og rundstykke.

 

SAMSUNG CSC

#oppskrift #usa #norskmat #billigmat #billigmiddag #studentmat #matifarta #blomkål #blomkålsuppe

4 kommentarer

Siste innlegg