På hike til Lake Pleasant og eit blidt møte med eit villt esel!

Endelig var det tid for ny tur med gjengen. Det føltes som ein evighet siden sist, men det er nok kun pga det har vært jul og slik. Denne gangen skulle vi gå i eit område som heiter Lake Pleasant. Det er ein menneskelaga innsjø, som ligg nord for Phoenix by. Men området der var bare heilt fantastisk! Så grønt og fint, at vi nesten ikkje kunne tru at vi var i ørkenen.  😅

SAMSUNG CSC

Vi hadde egentlig tenkt å gå ei løype som heite Pipeline trail, men på grunn alt regnet som hadde vært den siste veka så fant vi ingen bru å gå over.  Brua skulle egentlig ligge i “elva” på bildet her, men den var nok oversvømt. Til vanlig er det heilt tørt her, og det er egentlig ikkje nødvendig med bru. Så vi snudde og gjekk tilbake til bilane våre for å kjøre til ein anna plass. 😊SAMSUNG CSC

På vei til den andre turstien så sprang det plutselig eit esel midt uti veien. Vi stoppa sjølvsagt i veikanten for å sjå på det. Og når vi stoppa så såg vi at det ikkje bare var eit esel, men tre stykker! Sjå kor søte! Esela er ville, og går rundt i nasjonalparken. Amerikanerane som var med oss sa at dei var forlatt av tidligare gruvearbeidara, og har etter kvart bare formeira seg og busett seg her i området. Det er heller ikkje lov å jakte på dei inni parkområdet, så her får dei være aleine.

SAMSUNG CSC

Siden den første stien vår var bomtur, så skulle vi prøve oss på ein sti som heiter Yavapai trailI. Samme topp, men eit anna utgangspunkt! Og siden vi hadde to ungar med oss på denne turen, så gjorde det absolutt ingenting at vi gjekk denne istadenfor. Den er nok litt kortare enn Pipeline. (Litt informasjon for spesielt interesserte som snart er på vei til Phoenix ) 😊

SAMSUNG CSC

Sjå kor fiiiiint! Eg fekk litt følelse av å vær på hytto på Haukeli eit lite øyeblikk her. Men det gjekk fort øve når eg kjente sola steika 😅

SAMSUNG CSC

Etter at vi hadde gått eit stykke så var vi så heldige å sjå eit esel på nært hold! Marianne viste fram villkvinnen i seg og begynte å rope til det, og det tydeligvis på “eselspråk”,  for eselet kom gåande rolig mot oss.

SAMSUNG CSC

Heilt til det var heilt oppi oss! Det var så nysgjerrig at det kom heilt opp til oss så vi kunne kose med det. Laila hadde til og med eit eple som det fikk, så det blei veldig fornøyd med oss ja!
SAMSUNG CSC

Altså eg er så glad for at det første ville dyret vi møtte her i Arizona var eit esel og ikkje ein puma eller ei gaupe.. Då trur eg ikkje det hadde hjelpt så veldig mykje med eit grønt eple nei..😅


Vi fikk til og med tatt selfies med eselet!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter ein lang pause med eselet så måtte vi gå vidare, men eselet ville aller helst være med oss. Så det fulgte oss eit lite stykke før det stakk av. Både Alva og Ninea snakka om eselet heile turen, og i mange dagar etterpå!

SAMSUNG CSC

Fekk ein liten film av eselet og 😊

Her er heile gjengen kome seg til toppen! 😀

SAMSUNG CSC

Nydelig utsikt over innsjøen.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Kanskje ikkje heilt slik ein ser for seg at ein kaktus ser ut, men det er altså dette som skjer med dei når dei vokse seg store og får så ujevnt med vatn. Dei samlar opp fleire tusen liter med vatn når det først regnar, slik at dei skal kunne overleve månadar, og faktisk nåken år og, uten regn.  Tilpassningsdyktige ja?

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Naturen her sluttar ikkje å forbause meg i det heile! Så fantasrtisk fint. Dette området var spesielt grønt og. Det har og regna ein del i vinter (alt er relativt, det har ikkje regna mykje i frå ein vestlendings perspektiv), så alt er mykje grønnare her no enn det er til vanlig.

SAMSUNG CSC

Tusen takk for turen damer! Og igjen var vi eit godt overtak av Nordmenn på tur! 😀

#usa #iviusa #tur #hike #fjelltur #trimtur #trim #phoenix #arizona #natur 

7 kommentarer

Siste innlegg