Turistar i botanisk hage!🌵🌺

Forrige søndag tok vi ein skikkelig søndagstur i botanisk hage! Kanskje ikkje nåke som står heilt på topp av Vegard si ønskeliste, men uansett nåke som eg hadde lyst gjere. Og då blei det jo Botanisk hage då 🙈 

Eg hadde planlagt at vi skulle få med oss ein guida tur, der vi blei fortalt om dei ulike typane kaktusane og sukkulentane som var rundt i hagen.🌺 Vi bur jo midt i ein ørken, men det er fortsatt veldig grønt rundt oss.🌵 Planter, trær og kaktusane har gjennom åra klart å tilpasse seg rimelig bra til klimaet dei bur i. Så ørken er virkelig ikkje bare sanddyner, med nåken få høge kaktusar her og der. Nei, ørken kan tydligvis være så mangt. Bare sjå kor grønt og fint det er her!🌵🌺

Det finnes så utrulig mange forskjellige typar kaktusar, men den mest kjente kaktusen her i Arizona heiter Suguaro kaktus. Det er vel den som lignar mest på det som vi typisk ser på som ein kaktus.  Dei blir fra 10-20 meter høge, men det kan ta alt fra 75-100 år før dei får sin første arm(!!). Så den kaktusen på bildet under er allerede ganske gammal! Suguaro kaktusen er kjennetegnet på “The Sonoran Desert”, der vi bur no. Det er vanskelig å sei kor gamle dei er, siden det ikkje er gitt at dei skal få verken armar eller blomster. 🌺 Kaktusen er og freda, med ganske store bøter. Det er og ulovlig å skyte ein kaktus 😅🙈

Solur! Ganske stilig egentlig.

Hattifnatt kaktus! 😅


 

Mesteparten, eller alle, plantene i hagen er frakta der til av mennesker. Dei første plantene kom i fra Mexico, der dei frakta fulle lastebilar med planter over grensa og opp til Phoenix.

Her er Barrel cactus. Den er faktisk ein av dei farligaste kaktusane for mennesker. Eit stikk av denne kan gjere at du treng antibiotika.😮

Her er ein alovera plante i full blomst. Den blømer om sommaren, men siden vi bur i ein ørken er det gode “vanlige” sommartemperaturar no. 

Sjå kor svære kaktusane er! Guiden vår sa at ein sånn arm kan vega fleire tonn. Eg er nå fortsatt litt usikker på det då🤔, men dei er i alle fall dødlige om dei veltar over deg..

Siden det er så varmt her, så har trea og klart å tilpassa seg klimaet. Trea har enormt mange greiner, og svært små blad. Dette er fordi at dess mindre blada er, dess mindre overflate har dei på å bli “truffen” av sola på, og dei tørkar ikkje ut. Barken er og grøn, den hjelper og til på fotosyntesen og samle opp vatn i greinene uten at treet treng å ha store blad. Blir litt som at treet har valgt greien forran blad. EllerNåkeSånn.😅

Agave planten blir brukt til å lage Tequila av!

Vi såg kolibri og! Men vi fekk ikkje til å ta bilde av den.. Så eg stjele eit bilde i fra Linda, når ho og mammsen hennas va på tur i hagen 😀

#usa #phoenix #botaniskhage #turist #iviusa #arizona #reise

18 kommentarer

Siste innlegg