DIY: Mariushue til voksen

Før jul begynte eg på Mariusgenser til meg sjølv og Vegard. Vegard sin genser var nesten ferdig strikka og klar til å sette armane innpå bolen, då eg innsåg at den blei alt for stor… Eg måtte derfor rekke opp heile……. Deretter starta eg med godt mot på ein til meg sjølv, og etter å ha rekt opp den første bolen på den og, så var eg no klar for å samle armar og bole og starte på mønster. Eg hadde stålsett meg, stått opp tidlig, og var klar for at genseren skulle bli ferdig den dagen. Etter at eg hadde strikka 5 cm på mønsteret så var eg tom for bunntråd. Og etter å ha leita i heile leiligheten, så måtte eg innsjå at eg faktisk ikkje hadde meir tråd igjen. DET kunne eg virkelig ikkje forstå, og blei skikkelig frustrert… No ligge genseren i ein krok og ventar på at eg skal få bestilt meir garn…

Så siden eg egentlig var så godt inni strikkinga no, så bestemte eg meg for å strikke nåken huer. Først strikka eg ei som eg følte var alt for stor, men den er egentlig bare “baggy”. Så strikka eg ei i ein mindre størrelse, litt damete. Eg er fortsatt ikkje heilt fornøyd med fellinga, men kanskje det blir bedre når eg får ein dusk i toppen. 

Størrelse: Dame (Herre)
Mønster: Deler av Mariusmønster. 
Garn : Drops Karisma
Pinne: 3 mm rundpinne.


 

Legg opp 108 (126) masker på rundpinne 3mm. Strikk vrangbord i ca 5 cm. 

Strikk to-tre rundar med bunnfarge før du begynner på mønsteret. Her kan du bruke kva enn mønster du finn i Marius, då dei alle går opp i 18. (Bare å google mønsteret) Eg har valgt å bruke deler av mønsteret, då eg ikkje ville ha ei hue som skreik Marius 😊

Strikk rettstrikk og mønster til hua er ca 20-21 cm lang. 

Fell slik:

  • *3 rett, strikk 2 sammen, 3rett*
  • Strikk 3 rundar rett.
  • *2 rett, strikk 2 sammen, 2 rett*
  • Strikk 3 rundar rett
  • * 1 rett, strikk 2 sammen, 1 rett*
  • Strikk 3 rundar rett
  • * strikk to og to sammen runden ut* 
  • Tre tråden gjennom maskene og snurp til. 

Fiks ferdig hue, klar for afterski! 😉

#homemade #heimelaga #hjemmelaget #diy #gjørdetselv #kreativitet #kreativ #strikking #byidarossland #marius #mariusmønster

 

5 kommentarer

Siste innlegg