Lørdag, dag 2 på Hawaii, var det delvis overskya på øya. Vi valgte derfor å ta ein liten tur til toppen av eit gammalt vulkankrater. Denne turen er veldig populær for turistar, fordi den er så nært Waikiki og den gir eit superfint overblikk over stranda og byen innover. 😊 Vi tok Uber inn til krateret, og betalte då ikkje for parkering, men kun 1$ for kvar av oss sjølve.
Turen var vel spådd til at skulle ta 1-2 timar (amerikanske turtimar 🙈) , vi gjekk på og brukte rundt 20 minuttar til toppen. Då var vi bra varme og då, men deilig å få litt ut av turen når ein først går!
På toppen! Med Waikiki Beach i bakgrunnen 😊
Det var mykje trapper, både opp og ned. Etter at ein har gått igjennom ein tunell inni fjellet, så kan ein velge om ein vil ta den harde veien opp trappene til høgre, eller den lettare varianten opp trappene til venstre. Vi tok dei til høgre opp, og dei til venstre ned 😊
Med krateret og parkeringsplassen i bakgrunnen. Med andre ord er det rimelig lenge siden dette var nåken vulkan. Her er og Vegard inne i den eine tunellen på vei opp til toppen. Det var heilt mørkt inni der.
Vel nede i krateret etter å ha gått meir eller mindre i kø heile veien ned. Fekk meg heldigvis ein shave ice då, nåke om dei selge øve alt på øya!
Heim igjen gjekk vi gjennom tunellen ut fra krateret og hoppa på den neste bussen som kom. 🙈 Vi satsa på at vi kom oss nærmare byen, og det gjorde vi og. Trur den kosta 1-2 $ ish. Her er tunellen ut av krateret.
Oki, må bare sei dette. Asiaterane er øve alt på denne øya. Eg har faktisk aldri sett så mange asiatiske turistar samla på ein plass før. Alt sto på asiatiske språk, dei hadde til og med eigne bussar som kun var for asiaterane. s.j.u.k.t
#iviusa #hawaii #hawai #usa #reise #travel #reiseblogg #travelblogg #honolulu #waikiki #palmer #ferie #diamondhead #fjelltur #oahu #travelblog #journey
flotte bilder:)
Stilig 🙂 For en utsikt det må ha vært! Får så lyst til å reise selv jeg nå 🙂
ingagilberg.blogg.no: Ja, utsikten var heilt nydelig 🙂 Litt dumt det ikkje var blå himmel, da hadde vi nok sett lengre 🙂
liveterherlig93: Takk for det 🙂