Mexican Rodeo 🐴

Woho, vi har endelig kome oss opp på hesteryggen her i Arizona! 🐴  

Ein av kollegaene til Vegard og Eirik her borte driv med rodeo. Og då ikkje av den vanlige amerikanske typen, men den skikkelige mexicanske typen. Vi var så heldige å bli invitert til å komme å sjå på ei helg. 😊 Linda og Eirik hadde vært på det før, og kunne “advare” oss litt om kva det var som venta oss. Det kunne egentlig være både og, men om ein er medlem av NOAH og slikt så bør ein kanskje ikkje ta turen. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

I denne konkurransen skal 4 ryttera og 5 hestar være utpå banen. Dei skal springe rundt i ring også skal ein av rytterane prøva å hoppa øve på den hesten som ikkje har nåken på seg. Dette var jo forsåvidt greit, og ikkje nåke problem å sjå på. På bildet under står dei klare til å sleppe hesten ut og starte løpet. 😊

Her er banen.

SAMSUNG CSC

Konkurransane holdt på heile dagen, så vi orka jo sjølvsagt ikkje å sitte i ro å sjå på heile tida, så vi fekk låne ein hest å ri litt rundt på området. Vegard påstår at han har ridd på hest før. Ein gang. På skuleplassen heime i dalen når han gjekk på barneskulen..😅

SAMSUNG CSC

Virka litt skeptisk først, men etter kvart så sku ein ikkje tru han hadde gjort nåke anna!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vi var sjølvsagt i riktig antrekk til dagen, cowboyhatt og boots!

SAMSUNG CSC

Ekte mexicansk taco fekk vi og servert! Ein kan sei at det er ein rimelig stor forskjell i forhold til Norsk fredagstaco 🙈

SAMSUNG CSC

Når dei ikkje var aktive på banen, så stoppa dei innom baren for ein øl. På hesteryggen sjølvsagt.

SAMSUNG CSC

Altså, dei er så gjennomførte i stilen sin!!

SAMSUNG CSC

Korpset holdt god stemning heile dagen!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

I løpet av den eine “konkurransen”, så måtte eg bare tenke: “Dette er kultur, det er tradisjon, det er like “normalt” som at vi nordmenn går på ski..”. Egentlig prøve å overbevise meg sjølv litt. Her skulle dei ri etter ein stut kalv, prøve å ta tak i halen hans og dra han ned i bakken… Så får dei poeng då, om dei klarer det osv…🙄  Heldigvis så hadde ein del av kalvane skjønt opplegget, og bremsa slik at rytterane ikkje fekk tak i dei.  

SAMSUNG CSC

Her inne sto dei på rekke og rad, klare til å ri etter kalvane.

SAMSUNG CSC

Altså, missforstå meg rett, det var ein enormt kjekk dag altså! Sjølv om vi kanskje gjekk der i frå med litt blanda følelsar, som måtte diskuterast litt i bilen på vei heim.. Forutenom den siste konkurransen den dagen så var det absolutt verdt turen. 😊

SAMSUNG CSC

Slet´n cowboy etter ein lang dag i steik sol!

#usa #mexico #rodeo #mexicanskrodeo #iviusa #tradisjon #hest #reise #utlandet 

8 kommentarer

Siste innlegg