Vi har dykka med hai! 🐟

Altså, ein del av dåke har kanskje fått det med dåke, men til alle andre VI HAR VÆRT I HAIBUR! 😀  haha. Det må vel være lov å være litt i hundre då vel? Ein liten avkryssing på bucket listen  her i alle fall! Dette er jo og nåke Vegard har snakka om i minst 5 år no. 🙈 Det har liksom vært ein av dei store tinga han vil, i haibur med kvithai. No var det ikkje akkurat kvithai her vi dykka, men ein god oppvarming til eit eventuelt seinare dykk var det jo. 

SAMSUNG CSC

Siden haibur-turen vår blei avlyst på tirsdagen, så klarte vi å booke med eit anna selskap på fredagen. Været var visst likt som tidligare i veka, men dei skulle ta oss med ut. På vei ut så begynte bølgene, og sjøen med ein gang vi var utfor bukta. Egentlig ikkje nåke problem, sjølv om vi ikkje er sjøvante. Vi var 15 stk som skulle uti buret, og skulle gå uti i to forskjellige puljer. 

SAMSUNG CSC

Rimelig greit store bølger i området ja..

Gruppe nummer to, ikkje oss, var ein gjeng med 7 asiatiske ungdommar. Det virka absolutt ikkje som dei var vane med nåke som helst som heite sjø, og på båtturen ut til buret begynna dei å henge over kanten på båten…. 😅  Når dei til slutt kom uti buret, så var det få av dei som i heile tatt dukka under. Nåke eg syns var veldig rart. Så kunne han kule typen her, Mike, fortelle at den gjengen hang fast i buret og spydde ut dagens frokost. 😷  Altså, i haiburet! haha, stakkar folk…

SAMSUNG CSC

Klare til å hoppe uti! Det var jo litt skummelt å skulle hive seg uti eit bur midt i stillehavet, men det gjekk overraskande greit. Mulig det var fordi vi var så mange folk oppi buret på ein gang, eller fordi vi var mest opptatte med å sjå på alle haiane som svømte rundt oss. 😊

DCIM100GOPROGOPR0930.

Her er ein liten selfie med ein av haiane! Hehe.. Ikkje så veldig skummelt akkurat. Sjølv om eg var veldig forsiktig med kor eg plasserte føtter og hender, slik at dei ikkje kom utfor buret 😅  Eg fekk filma litt i fra turen og, så skal få lagt den ut om ikkje så alt for lenge 😊  Det var vel rundt 4-5 galapagos haiar på rundt 3-4 meter som svømte rundt oss. 🐟 Spennande!

Etter turen var vi rimelig stoka på adrenalin og glede. Altså, da var jo heilt surrealistisk at vi var rett ved siden av haiane då! Sjølv om haiane ikkje var sååå store, så var det fortsatt hai! Nei, no har vi varma opp til haibur med kvithai i Sør Afrika!  😅 

Her er buret vi var i. Det såg mykje større ut når det hang bakpå båten, enn når vi var 7 stykker oppi det i store bølger, foråseidetsånn! 😅

SAMSUNG CSC

Til tross for litt venting, avlysning tidligere i veka og litt fleire folk enn vi trudde på turen, så var det absolutt verdt turen! 😀

SAMSUNG CSC

#sharkdiving #haibur #hawaii #oahu #usa #reise #ferie #reisebloggen #wanderlust #iviusa #northshore #sharkadventures #sharkcage

9 kommentarer

Siste innlegg