Hike nummer to vi fekk med oss på Oahu var Makapuu Lighthouse trail. Denne ligge heilt øst på øya, og ein kjem seg der til med buss eller leigebil. Denne turen skulle være veldig populær så vi forventa egentlig ein del folk, men ikkje så mange! På toppen krydde det av ungar som sprang rundt.. Det var egentlig ein veldig familievennlig tur, siden heile veien opp var eit asfaltert fortau..
Det sto at ein brukte 2 timar på turen, nåke vi nekta å forstå.. Egentlig hadde vi litt dårlig tid, siden vi skulle levere tilbake bilen seinare på kvelden. Men siden vi nekta å tru at det tok 2 timar å gå opp, så fant vi ut at vi hadde tid til det! Litt har eg lært av amerikanera og tidsbruk på fjellturar her borte.. Dei legg som oftast til ein time eller to i forhold til det ein nordmann bruker 😆
Parkeringsplassen og mot nord/aust sida av øya.
Toppen nådde vi etter ca 30-35 min kjapp gange. Så dei 2 timane det sto skreve at ein brukte opp og ned, kan eg ikkje forklare på nåke anna vis enn at dei går enormt sakte, og bruker lang tid på toppen..
Her står vi heilt på toppen av Makapuu trail, og ser ned på lyshuset. Eg ville sjølvsagt ned dit, og då blei det nå slik at vi tok turen ned. Ikkje rett ned her på bildet, men ein litt mildare sti lengre nede. 😅 Det sto eit skilt om at ein ikkje skulle gå bort, lause steinar, og at dette var på eige ansvar. Så det er kanskje ikkje nødvendig å dra med seg ungar bort her.
Sjølve lyshuset er gjæra inn. Dette er nok fordi det fortsatt er i bruk, og fordi turistar er gærne..😅
Rett ned, altså ikkje nødvendig med ungar her! Det var nemlig ikkje alle plasser det var gjerde heller.
Ganske stilig! Eg trur kanskje dette er det andre lyshuset/fyret eg har sett i mitt liv. 😊
På gjerdet har fleire par hengt hengelåsar. Nåken av hengelåsane hang rimelig langt ute på gjerdet, og gjerdet går utfor eit stup rett ned.. 😦
Det er og mulig å sjå kval på vei opp til Lighthousen. Vi kan ikkje sei vi såg nåken, i alle fall ikkje klart. ✌️
Solnedgangen rakk vi og på veien ned 😊
Det var absolutt ein nydelig men rolig tur! Kan anbefales til både par, familie, barn og gamle 😊
#hawaii #oahu #makapuu #lighthouse #hiking #tur #fjelltur #reise #travel #iviusa
Kjempe fine bilder! 🙂
Nydelig! Er nok ikke bare amerika som legger til litt mye tid, haha. Skulle på Norska og hadde blitt fortalt det tok en stor halvtime, på skiltet sto det 1.5 t, 3t totalt. Tror vi var oppe og nede igjen på mindre enn timen, inkludert bildetaking på toppen.
De smører nok alltid litt tjukt på sånn at de kan garantere at uansett fysisk form så klarer man turen innen gitt “tidsgrense”, som en buffer rett og slett 🙂
fine bilder:)
Så utrolig fint det var der! Og veldig fine bilder forresten 😀
TINANNA: Ja, det var nydelig 🙂 Ein perfekt liten tur! 🙂 Takk for det! Ha ei fin veke 🙂
liveterherlig93: Tusen takk 🙂 Var ein veldig fin tur!
Gunnhild Resell: Haha, godt å hørre! :p Ja, her hadde dei virkelig heilgradert seg for å sei det sånn :p Ha ei fin uke! 🙂
Victoria: Takk for det snille 🙂