Søndagshike i White Tanks Mountain

Igår våkna eg til solsnappar i frå stort sett alle heime i Norge. Det såg nesten ut til at det har vært eit skikkelig påskevær i store deler av landet? Så herlig! Uansett, så ringte Camilla å vekka meg i 11 tida.. Ja, det var kanskje litt seint, men vi var oppe så lenge natta før å prøvde å pakka resten av flyttelasset. Men det virker som om det aldri blir tomt. 😅

SAMSUNG CSC

Etter å ha fått kledd på mannen, møtte vi Morten og kjørte til White Tanks Regional park. Det møtte vi resten av turfølget og var klare for ein søndagstur i ørkenen! 😊  Først skulle vi gå “Waterfall trail”, sjølv om det ikkje er mykje foss/bekk her uten at det har regna godt dagane i forveien.

SAMSUNG CSC

Dette var då “pytten” som møtte oss 😅  Eg kan heilt ærlig innrømme at eg var litt skuffa.. Eg trudde i det minste den skulle være litt større! Greit nok at det ikkje hadde regna og at det var ein liten “foss” der, men altså…Dette er jo nesten mindre enn eit badekar 😅  

SAMSUNG CSC

Når det har regna skal det renne masse vatn ned rett bak oss. Som ein foss i frå toppen.

Guttane på tur! 😊

SAMSUNG CSC

Og jentene på tur!😊

Sjølv om det var lite med fossefall, så har det som sagt regna bra her i vinter. Dette gir godt utslag på plantelivet, så det blomstrar så fint her no!😍  Veldig glade for at vi får oppleve denne sida av ørkenen og. Ikkje kun tørke! 

På vei ned i fra Waterfall trail så kom vi forbi ei stor øgle! Først så trudde eg den var falsk, og anklaga nermast Camilla for å tulla med meg.😅  Men så bevegde den faktisk på seg til slutt. Kul eller? Og ganske stor egentlig, sånn i forhold til alle dei små på 10 cm vi har sett langs stiane tidligare. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Han poserte fint og !

SAMSUNG CSC

Etter vi hadde gått Waterfall trail, så bestemte vi oss for å ta ein ekstra runde rundt ein trail som heiter Black Rock Trail.

 

Her var det mange informasjonsskilt langs veien, der ein kunne lese om dyrelivet og om faunaen i området vi gjekk i. Ein liten motivasjonsbooster for ungane var det i alle fall! 😊

Heile turen var egentlig ganske så flat. Faktisk så kan ein kjøre rullestol eller barnevogn på denne turen her.😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sjølv om turen ikkje var så slitsom, så var det absolutt deilig å få brukt nåken timar ute i finværet før vi skulle heim å pakke ferdig flyttelasset. Eg var litt lur, så eg stakk på Skjønnheten og Udyret nesten med ein gang vi kom heim. Og når kinoen var ferdig fekk eg servert julemiddag! Ja, vi hadde pinnekjøtt til middag i går vi  😅  Sånn blir det når ein må ete ut av frysen!

SAMSUNG CSC

#hike #tur #ferie #reise #søndagstur #fjellttur #arizona #phoenix #usa #iviusa

10 kommentarer

Siste innlegg