Tipp kven som har stått på kjøkkenet i fleire timar å bakt skinkehorn både med og uten gluten då! 🙋♀️ Tante- og onkel-ungane våre komme på besøk i dag, og etter ein lang flyreise kan det være godt med litt skikkelig mat for dei små kroppane deiras. Om dei er etande er nå ein anna sak, eg kan ikkje sei eg er den flinkaste med glutenfri bakst, så eg juksa å brukte ein ferdig pizzabunnpakke. Vel, det blei virkelig ikkje slik eg hadde tenkt. But hey, da e vel tanken som telle e da ikkje? 😅
Etter eg hadde baka dei glutenfrie horna, satt eg i gang med den andre varianten. Denne oppskrifta fant eg på Matprat, men eg erstatta 50% av kveitemjølet med grovt mjøl. Litt meir for magen å jobbe med er jo bare bra! 😋
Du treng:
- 1 kg mjøl. Eg hadde 50/50 med grovt og fint.
- 1 pose tørrgjær
- 2 ss sukker
- 1 ts salt
- 65 g smør
- 3 dl vatn
- 21⁄2 dl melk
Fyll:
- Tomatpure/ tomatsaus
- Skinke
- Mais
- Ost
Slik gjer du:
- Bland alt det tørre i ein bolle. Smelt smør, ha i væske og varm det til 37 °C. Tilsett litt og litt mjøl, og rør sammen til ein deig. Har du kjøkkenmaskin kan du bruke den, om ikkje bruker du bare henda. Bruker du henda bør du holde igjen litt mjøl.
- La deigen heve under eit kjøkkenhåndkle i ca 1 time.
- Del deigen i tre emner, og kjevle ut tre runde pizzadeigar. Del dei i 8 like store pizastykker. Ha 1 ss tomatpure på kvar av stykkene og strø på litt anna fyll.
- Rull kvar trekant sammen med den breiaste delen først.
- Legg horma på eit steikebrett med bakepapir og la dei etterheve i ca 20 min.
- Pensle horna med vispa egg og strø øve litt sesamfrø. Steik på 200 °C i 15-20 minutt, eller til dei er gyldne. Avkjøl på rist.
Du kan fint fryse ein del av desse horna, og ta dei opp når du ønsker. Hiv dei gjerne litt i steikeovnen, eller mikroen så dei får litt lunk i seg, dei er best då 😋 Eg har i alle fall stått å ete litt for mange horn etter kvar som dei har komt rykande ferske ut av ovnen 😅 Finnes det i heile tatt nåke bedre enn fersk gjærbakst?
#oppskrift #matprat #horn #middag #snacks #student #studentmat #kvelds #mat #bakst
Nam så godt ut 🙂
Tusen takk for oppskriften 🙂
Mmm så godt 🙂
Takk for tips 🙂
Så gode de ser ut! 🙂
Så enkelt, men så godt 🙂
Ønsker deg ein super torsdag <3
Å, nam! Elsker horn 😀
TINANNA: Var så gode og 😀 haha..
Susanne Moen Øy: Ja så absolutt! 😀 Geniale å ha i fryseren 🙂
Ha ein nydelig tirsdag! <3
elisebr: Tusen takk for det 🙂
Nina c: Bare hyggelig du 🙂
Iselin Renée: Ja det var det og 😀
lisarorvik: Bare hyggelig:)
Charlotte: Så absolutt! 😀