🏎 Frivillig på NASCAR race! 🏎

Ein av dei siste søndagane i Phoenix, var eg med å jobba frivillig på eit arrangement i regi av spouseklubben. 😊  Denne gangen skulle vi selge mat og drikke i kiosk og boder på eit NASCAR arrangement. NASCAR er den største motorsportarrangøren i USA.🏎  Det er altså kort fortalt bilrace på ein bane. ✌

Vi kom litt tidlig slik at vi fekk sett litt før vi starta på vakta vår. Kan ikkje sei det var så suuuuper spennande, men det blei fulle tribunar etter kvart. 👍  Her er eg med Tanya, ei venninne som og har vært med i turgruppa 😊

På eit kvart stort arrangement i Usa, blir nasjonalsangen spelt av i begynnelsen. Amerikanarane stiller seg opp, gjerne med hånda på brystet, gjennom heile sangen. Snakk om patriota 🇺🇸   Det er faktisk ganske fasinerande/rørande å sjå på av og til..

Oppgavene våre var å selge mat og drikke. Dei aller fleste blei plassert inni denne kjipe kiosken her. Ikkje nok med at det var evig varmt der inne, så lukta da rimelig innestengt ferdigmat og 😅  Eg veit ikkje ka det var eg hadde gjort rett, men eg var superheldig og fekk stå ute i ein drikkebod. Her tok vi kun kontantar og vi solgte kun drikke! Heilt perfekt 😎

Vi sto under tribunen, og det var rimelig høg lyd der! Heldigvis fekk eg eit par øyreproppar av ein tilskuer, så eg klarte meg godt 😊  Kledde vel det forklet der? 😜

Folk var så ekstremt engasjerte. Dei skreik og hoia i fleire timar i strekk. Men igjen, slik er det jo på dei fleste arrangementa her borte. 😊 

Sjølv om eg ikkje akkurat er så veldig interessert i bilrace og slikt, så var det jo kjekt å møte folk når eg sto og solgte. Dessuten fekk vi inn over 3000$, på dei to dagane vi stod der. Dette er pengar som går direkte tilbake til å dekke college utdanning til ungar av dei militære på basen. 😊

Driv du med nåke frivillig arbeid?

Er det nåken som veit om nåke frivillig arbeid i Norge?

Hadde vært kjekt å ha mulighet til det heime og 😊

#phoenix #frivillig #jobb #frivilligarbeid #arizona #reise #bil #bilrace #iviusa #verden #ferie #nascar

10 kommentarer

Siste innlegg