Treningstur på verdens finaste strand

Lokal tid 23:30

Det var så herlig å våkne til her nede på stranda idag, i motsetting til inni skogen der leiligheten vår ligg. Det var overskya når vi sto opp idag, så det blei ein rolig start inne før vi fant ut at vi skulle kjøre ein tur på Outleten som ligg kun 5 min vekke. Det var i hovedsak Silje og Morten som skulle ein runde, og eg og Vegard blei bare med på lasset. Det blei ingen shopping på verken meg eller Vegard, då Vegard har innført shopstop på meg…🙄  Så eg får nok heller ta ein tur uten han ja. Viktig at det er flyt i økonomien 😎

Etter at Vegard var kjørt på jobb så fant Mari Ann ut at ho ville på joggetur. Eg sa eg kunne bli med å jogge på stranda, siden det sikkert er litt bedre for foten min enn på asfalten. Det var så deilig å ha ei økt på stranda igjen. Eg kan innrømme at det er ei stund sidan eg har jogga, så for min del var det så absolutt ikkje kun ein rolig joggetur 😅

Fornøyd 😃

Mari Ann kunne konstantere at dette må være den finaste stranda ho har sett, og eg er så enig. Sanden her er heilt enormt finkorna og kvit. For dåke som har vært på Elafonissi på Kreta, denne stranda er mykje lik, bare finare 😊 

Nydelig 😍  Bare synd vi bur så langt vekke i frå stranda til at vi kan gjere dette oftare.. Vi får bruke det mens vi bur her nede i alle fall 😊

#gulfkysten #florida #reise #ferie #usa #iviusa #tur #påske #påskeisyden #syden #trening #reiseblogg #treningsglede  #jogge 

6 kommentarer

Siste innlegg