DIY: Boblevase

Denne DIY har eg hatt i hovudet mitt heilt siden vi budde i Florida i høst. 😅  Eg fekk kjøpe ein stor bærepose med glassperler på ein goodwill butikk, og etter det har eg i grunn vært på leit etter den perfekte vasen for å kunne fullføre prosjektet. Vasen blei og kjøpt på ein goodwillbutikk i Phoenix, og etter den var handla inn så var det bare å sette igang. Samme dag som vasen blei ferdig, så sendte eg sjølvsagt melding til Vegard om at eg ønska meg ein fargerik blomsterbukett.😅 Va da ikkje fint? 😄

SAMSUNG CSC

 

Du treng:

  • Ein gammal vase
  • Halve glassperler
  • Limpistol og lim. Pass på å ha ein lim som tåler å få lim på seg!

 

SAMSUNG CSC

 

Slik gjer du:

  • Vask vasen godt for rester av fett osv.
  • Begynn å lime glassperlene fra toppen av og nedover. Eg prøvde å ha eit visst system, men etterkvart limte eg bare på.
  • Når du er ferdig kan du la den tørke godt, før du tar den i bruk. Det gjorde ikkje eg, så deler av glassperlene datt av pga dei fekk vatn på seg.
  • Ja, så enkelt er det! Pass bare på å ikkje lime perler for nært bunn, slik at vasen står beint. 
  • Mulig denne hadde vært kul å spraye og? Kanskje eg gjer det når eg er lei av den 😅

 

SAMSUNG CSC

Tada!

SAMSUNG CSC

Var den ikkje kul? På dette bildet er det faktisk ikkje mindre enn 3 DIY prosjekt! Lanternene har eg jo delt med dåke HER, men plata kjem snart i eige innlegg. Må bare bli ferdig med den først 😊

SAMSUNG CSC

#diy #heimelaga #gjørdetselv #hjemmelaget #kreativ #kreativitet #interiør #inspirasjon #hobby #gds #byidarossland #idarossland

18 kommentarer

Siste innlegg