Delfinjakt!🐬

Lokal tid: fredag kl 19:00

Torsdag blei brukt som mange andre dagar her borte, på stranda.😊  Det som var litt annerledes denne dagen var at vi valgte å leige oss kajakk, sånn litt for variasjon for ein litt utålmodig Vegard.  Vi leigde oss ein kajakk som skulle ha plass til to stykk. Dette var ikkje ein slik kajakk som eg var vane med nei, denne tok jo inn vatn og du satt heilt i sjøoverflaten. Sekken måtte vi bare hive på land, ellers hadde tinga blitt kliss våte.. Men, eg tok med mobilen til Vegard ut då.. heh, eg konkluderte med at hans kunne ofrast 😅

Planen denne dagen var egentlig å få sjå delfinar på litt nærare hold..😊 Tidligare har vi kun fått sett dei i fra stranda, og det er mange av dei her! Linda og Eirik var her i haust, og Linda fekk meir eller mindre ein delfin oppå brettet sitt. Det har eg virkelig ikkje behov for, men den kan godt komme bort å sei hei, på ein hyggelig måte 😅

Eg fant endelig denne frøkena igjen og! Puh, det har blitt lite kvalitetstid i det siste altså.. Men slik er det når vi vegge har besøk heime i fra. Vi er så godt vane med å sjå kvarandre kvar dag, så når det plutselig går over ei veke uten så blir vi litt rare 😅  Haha, vi leve i våg eiga lille boble her borte! Blir spennande når den sprekke når vi skal returnere til Norge..🙄 🙈

Nåke delfinar fekk vi ikkje møte då.. Eller Eirik såg ein som var rett ved oss, men den dukka fort ned igjen..🐬 Når vi kom oss opp på land og hadde levert inn utstyret, då kom sjølvsagt delfinane til syne. Jaja, bedre lykke neste gang, for dette kan vi godt gjere fleire ganger 😄  

No sitte eg igjen, å vente på at Vegard skal komme heim i fra jobb. Forhåpentligvis kan han komme litt tidligare heim enn kl 23 idag.. Det er jo tross alt fredags kveld! I morgon skal vi etter planen til Panama City og på flyshow! Kjenner eg V rett så skal vi vel være der når det begynner, og det tar 2 timar å kjøre.. Må snu døgnrytmen i dag då 😎

#reise #ferie #florida #usa #travel #reiseblogg #reisebloggen #iviusa #aktivhverdag #hverdag #reisemagasinet

6 kommentarer
    1. liveterherlig93: Nei du, det aner eg ikkje! Har aldri tenkt over om det er delfiner der eg. Spørs sikkert litt kor i Italia du skal tenker eg 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg