Wow!

Altså, wow for ein respons på spørsmålsrunden min! Det var jo ikkje skummelt i det heile tatt.🙊  Eg har litt av ein jobb framfor meg, og eg trur nok at eg må dele svara opp i fleire innlegg. Ser det var mange som lurte på ting i fra året vårt i USA, og det gir jo absolutt meining. 


 

Dei siste dagane før Vegard er ferdig på kurs går så tregt! Det er godt mulig det er fordi det ikkje er sol ute, og eg ikkje kan ligge å sløve med bassenget. #luksusproblem 🙄  I går kjørte eg rundt på butikkane i nærområdet på leit etter dei siste tinga vi skal sende med flyttelasset. Det blir kanskje litt sånn panikkhandling? Neida, det er bare ting vi treng, som uansett er mykje billigare her enn heime. Flyttelasset går på torsdag, så då er det slutt på shoppinga. Det er jo begrensa kva ein har plass til i fire fulle koffertar 😅  Eg er uansett klar for at vi begge skal ha litt ferie no! Det har han virkelig fortjent etter dette året. Så får vi sjå kortid vi bestille flybilletten vår heim til Norge. 🙊

#spørsmålsrunde #usa #utlandet #reise #ferie #florida #spørsmål

13 kommentarer

Siste innlegg