DIY: Kjappstrikkdrakt 💙

Endelig har eg fått meg til å fått strikka den populære Kjappstrikkdrakta. Eller drakta har lege ferdig siden vi budde i Phoenix, men eg har venta på å få knappane i posten! Var dei ikkje fine? “Homemade with love” står det på dei. 😊  Du kan få kjøpt dei HER.

Eg hadde heilt ærlig sett for meg at dette skulle være mykje meir utfordrande enn det var, siden den mest avanserte strikkeoppskrifta eg har lest er ein Mariusgenser. På denne drakta var det både felling, auking, perlestrikk og ikkje minst knapphull! Har aldri laga knapphull før, men det fekk eg heldigvis skikkelig til på andre forsøk! 💙
 

Her kjem nåken tips som eg kom på etter kvart:

  • Ikkje slepp ned igjen kasta når du lager knapphull. (Det er grunnen til at eg bare har ein knapp i selane🙊)
  • Ta opp 42 masker rundt beina i str 0-6 mnd
  • Lag eit knapphull ekstra nederst på kvar side. Åpningen rundt beina kan bli litt vid.

 

Mønsteret/ mellomstykket kan fint strikkast både med enkel og dobbel perlestrikk. Dette var veldig enkelt , og er egentlig bare til å holde tunga litt rett i munnen dei første rundane. 

Enkel perlestrikk;

  1. pinne (fra rettsida): 1 rett og 1 vrang ut pinnen.
  2. pinne (fra vranga): vrang over rettmasker, rett over vrangmasker.

Repeter disse to pinnene.

Dobbel perlestrikk;

  1. pinne (fra rettsida): 1 rett og 1 vrang ut pinnen.
  2. pinne (fra vranga): rett over rettmasker, vrang over vrangmasker.
  3. pinne (fra rettsida): vrang over rettmasker, rett over vrangmasker.
  4. pinne (fra vranga): rett over rett, vrang over vrang.

Repeter disse fire pinnene.

Den levde så absolutt opp til navnet sitt, og var meget kjapp å strikke. Det var egentlig bare til å lese gjennom oppskrifta før ein starta, og det gjekk som ein leik! Så no gjeld det bare å komma seg heim til Norge å få gitt den vekk til ein nyfødd baby!💙

Eg kan sjølvsagt ikkje dele oppskrifta med dåke, men den er å få kjøpt her.

#diy #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv #strikk #strikking #homemade #strikka #kjappstrikkadrakt #krappstrikkdrakt #byidarossland #babystrikk #baby

13 kommentarer

Siste innlegg