St. Hans feiring på stranda i Florida!

Endelig kom det ein dag med sol igjen! 😊   Eg trur det er nesten ei veke siden sist eg kunne ligge ute å sole meg faktisk. For eit møkkavær altså! Etter at eg hadde hatt med ein time og to ved bassengkanten så ringte Camilla og lurte på om vi skulle være med på stranda. Og i vel viten om at det sikkert kom til å bli siste tur på stranda her i Destin, så heiv vi oss rundt.

Stranda var stengt då, eller, sjøen var stengt. Dette var på grunn av etterdønningen av stormen som har vert den siste veka. Det var kraftige undervannsstrømmar, så ein burde nok ikkje gå så alt for langt ut. Dei fleste fulgte badevakten sin ordre om vassing innerst, men det var jo sjølvsagt nåken som ikkje brydde seg. Dette resulterte sjølvsagt i at ingen fekk lov å være i vatnet i ein periode..🙄 

Baywatch var på plass!

Stormen hadde og dradd med seg ein haug med tang og tare opp. Og stranda var mykje mindre enn normalt. Det er fasinerande å sjå at sjøen kan bli så mykje høgare etter nåken dagar med storm!

Etter nåken timar med steiking på stranda gjekk vi svidde og gode heimover.😅 Mannane hadde då vore på butikken og handla inn til grilling for kvelden. Det er så koselig å sitte ved bassengkanten å grille slik som dette.😊   Alt er koselig med dette, utenom myggen. Sjølv ved lang dongeribukse så klarer eg å bli bitt midt på låret.. Korleis er det mulig?!

Kvelden fortsatte ut i seine natterstimar med god mat, god drikke, kortspel og godt selskap! Ja takk til slike sommarkveldar i Norge og!😊  

#destin #florida #ferie #sommer #reise #sommerferie #strand #usa #iviusa 

6 kommentarer

Siste innlegg