Dag 3: Arlington, Washington DC

Arlington

Første dagen i Washington, ein dag som egentlig blei ein bonusdag med tanke på kor fort vi har komt oss nordover, valgte vi å bruke på Arlington. Arlington er ein gravplass for falne soldatar i dei forskjellige krigane USA har vært med i. Den blei grunnlagt under den amerikanske borgerkrigen på 1800 tallet, og siden då har det blitt gravlagt rundt 400.000 soldatar/ veteranar her.

Det utføres rundt 30 bisettelsar kvar dag(!), og idag såg vi to gravfølger. Nåke som virkelig gav gåsehud.. Det virker nemlig ikkje som om enkelte tenker over at det faktisk er ein gravplass, men “kun” ein turistattraksjon…😔  Verdt å tenke over når ein går der, at det faktisk er mennesker som har ofta livet for landet sitt som ligg her. 

Fleire av presidentane til USA er også gravlagt her. John F Kennedy var vel han som hadde eit av dei flottaste områda. Her ligg han, kona, eine sønnen og broren. 

Tomb of the unknowns

Ein av dei mest kjente plassane inne på Arlington er nok Tomb of the Unknowns. Dette er eit symbolsk grav for uidentifiserte soldatar som har falt i kamp. Denne grava blei laga og åpna i 1932. Den har vært bevokta siden 1937 av soldatar som marsjerer att og fram.  Vaktbyttet her er ganske kjent, og i sommerhalvåret bytter dei kvar halve time. 

Her er soldatane virkelig synkroniserte på sekundet. Eg har fått filma litt av det og, så eg får sjå om eg får til å lage ein film. Det var i alle fall ekstremt fasinerande å sjå på.😊

Her er amfiet som ligg rett ved Tomb of the unknown. Alt her var laga i marmor. Det var heilt nydelig!

Her er Vegard med utsikt over heile Washington by. 😊 Det store monumentet kan ein skimte til venstre i bildet. Pentagon ligg heilt til høgre bak buskane. 

Washington er ein mektig by som vi gler oss til å sjå meir av! Vi har faktisk hotell her fram til lørdag, så vi satser på å få med oss det meste fram til då.😊

#washington #washingtonDC #usa #reisemagasinet #reise #ferie #usa #iviusa #travel #sommer #sommerferie #turist #reisebloggen #arlington #kennedy 

6 kommentarer

Siste innlegg