Dag 4: Første dag i Washington by!

Første skikkelige og heile dag i Washington DC! Endelig var det vår tur til å besøke denne nydelige byen. For det var akkurat det inntrykket vi sitte igjen med, byen er nydelig! Det var reint i gatene, ok mengde med turistar, nydelige bygg og god mat. Her kan vi gjerne ta turen tilbake ja!😊  Einaste som kanskje kan være litt negativt, eller om det bare er tidspunktet vi reiste på, er at hotellprisane var litt høge.. Vi betalte over dobbel pris for hotell i Washington vs. New York. Men igjen så gjer det ikkje nåke å bu litt utfor sentrum og “The Mall” i Washington, då du kan bruke bysykkel overalt.

Vi starta i alle fall dagen rolig med å sjekke ut nabolaget å finne ut av kor og kva vi skulle sjå på. Her i denne byen er det meir enn nok å finne på, så vi måtte velge ut litt. Det var og enormt varmt den dagen at vi rett og slett måtte stoppe på veien ned til sentrum.

Turistar som veit å nyta da!

The White House:

Første stopp på veien var The White House! Eit skikkelig stilig og flott bygg altså, men det var mykje mindre enn eg hadde sett for meg egentlig.. Slottet er svært i forhold for å sei det sånn. 

Her var det sjølvsagt stor sikkerhet, og det sto 4 bevæpna vakter på framsida. Eller i alle fall som vi kunne sjå, så er det jo sikkert nåken som lurer i buskane bak her og. Om Trump var heime kunne dei ikkje svare på, så der gjekk han glipp av storfint besøk i fra Norge ja 😎


 

Washington Monument: 

Kor enn vi har bevegd oss rundt her i Washington så har vi nesten kunna sett dette monumentet. Monumentet blei reist til ære for USA sin første president, George Washington. Dette er monumentet er heile 169 meter høgt, og eg blei rimelig svimmel av å stå nederst å sjå opp til toppen. Uheldigvis for oss så var monumentet stengt for offentligheten pga heisen ikkje fungerte, ellers så hadde vi nok tatt turen opp i det. Bare tenk for ein fantastisk utsikt det hadde vært over byen her i frå då!

Washington Monumentet sett i fra Lincoln Memorial. Her er det kjente “bassenget” som Forrest Gump sprang i, og som ein kan sjå på mange andre filmar! Det gjekk til slutt litt sport i det for oss å komme på filmar som hadde scenar i frå plassane vi reiste til på denne turen. Det blei absolutt meir av det i både Philadelphia og New York og!😊

Lincoln Memorial:

Lincoln monument er eit monument som er bygd til ære for den 16. presidenten Abraham Lincoln. Bygget ligg i eine enden på The Mall, og har utsikt rett mot Washington Monument og Kongressen. Det er på trappa her at Martin Luther King holdt den kjente “I have a dream” talen sin i 1963. Igjen er dette bygget og heilt nydelig bygd  i marmor.😊

Pentagon 9/11 Memorial:

Tidligare på dagen var vi og ein tur innom Pentagon. For eit mektig bygg! Det er egentlig ikkje lov å parkere der, men vi tok sjansen likevel. Altså, det er ikkje kvar dag vi har muligheten til å stoppe her vel. 😎

Det krydde av sivile politibilar her, så etter ein kjapp tur bort så fant vi ut at Vegard skulle gå å hente bilen så vi ikkje fekk bot, blei taua vekk eller verre som er.. I mellomtida gjekk eg bort til minnesområdet i frå 9/11. Her hadde dei bygd ein benk for kvart av offera i fra Pentagon og flyet som styrta inn. Benkane er vendt inn mot Pentagon i samme retning som flyet kjørte inn. Benkane står forskjellig vei for å vise om offeret var sivilt eller ansatt i Pentagon. 

Her ser vi rett inn i fløyen der flyet styrta…

Fortsettelse i fra turen vår kjem på sikt. No nyte vi feriedagane heime i Norge med god mat og familie! 😊

#washingtondc #dc #usa #reise #reisemagasinet #reisebloggen #ferie #sommer #iviusa #politikk #minne 

3 kommentarer

Siste innlegg