Dag 5: Sykkeldag i Washington!

Torsdag i Washington starta rimelig rolig etter at vi farta rundt i byen på natterstid dagen før.. Sliten valgte eg å spasere ned i bassengområdet for å få i meg litt mat og gi kroppen litt etterlengta solstråler og bading. Seinare på dagen var det klart for å leige sykkel! Nåke som vi hadde sett andre turistar farte rundt på, og ein liten “drøm” eg har hatt når vi har vært rundt på ferie. 

Mesteparten av monumenta ligg rundt området som blir kalla “The Mall”. Det strekker seg som eit kors i fra Kongressen til Lincoln Monumentet og fra The White House til Thomas Jefferson Monument. Og midt i det heile står Washington Monumentet, som er den høge pålen på bildene i forrige innlegg. Med andre ord er alt på ein måte sentralt rundt The Mall, men avstandane er likevel så store at ein sykkel kan være ein fordel. 

 

Det finnes sykkelutleige med stasjonar over alt i denne byen. For 8 $ så har du tilgang på alle syklane i 24-timar. Eit heilt genialt konsept, ettersom vi har fått sett så utrulig mykje idag, og er likevel ikkje superslitne i beina. Kjennte det litt i rumpa då men… Det einaste som kanskje er litt negativt med sykkelutleige er at ein kun kan ha syklane i 30 min av gangen, viss ikkje koster det meir, og meir og meir… Heldigvis så blei vi etter kvart rutinerte, så vi slapp å betale ekstra.

Capitol Hill og Kongressen:

Første stopp på syykkelturen vår var Capitol hill og Kongressen. Dette er vel det som vi heime kaller Stortinget. 

Jefferson memorial:

Denne minnesstatuen står ute på ei halvøy, så her er eg gla vi hadde sykkel. Eit heilt enormt fasinerande bygg. Eller det gjeld vel alle bygga her i Washington. Alle er overdådige, og laga i marmor og anna kvit stein. 

Heldigvis for oss så kom vi slik at vi fekk med oss solnedgangen over byen her i fra. Den var igjen nydelig! Eg er sikker på at eg aldri blir lei solnedgangar..😍

❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️  ❤️

#washingtondc #dc #usa #reise #reisemagasinet #reisebloggen #ferie #sommer #iviusa #politikk #minne 

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg