Lag eit koselig uteområde av gamle flasker

Gjenbruk er vel tingen desse dagar og, eller ka? Det er ikkje så mykje som skal til for å piffe litt opp på terassen i alle fall. 😊

Rett etter eg kom heim i fra USA reiste eg og mamma direkte til tante. Ho dreiv på med eit uteprosjekt og trengte litt hjelp. Tanken var å få gjenbruke litt av dei gamle tinga som var i huset, til dekorasjon av uteområdet. Etter litt leiting på Pinterest fant ho ein lignande løysning som denne, og gjorde den til sin egen. Var det ikkje stilig?😊 Og ikkje minst enkelt då. 

Du treng:

  • To pålar. Du kan og sage ned to små tre eller bruke lekter. 
  • 4 boltar til oppheng
  • Streng til å feste flaskene og pinne med.
  • Glasflasker
  • Lyslenker

Så var det bare å henge pålane opp i taket med boltane og strengen. Her bestemme du sjølv kor høgt eller lavt det skal være, alt etter kva uttrykk du ønsker. Surr deretter lyslenkene rundt og stapp dei nedi flaskene. Vi brukte to lysslynger på dette prosjektet. 

Som litt ekstra pynt brukte ho gamle plankar og ein fruktkasse. Norgesglasa er hengt opp med streng.

Blei det ikkje stilig? Og så ikkje minst billig.😊

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –  

#diy #heimelaga #gjørdetselv #hjemmelaget #kreativ #kreativitet #interiør #inspirasjon #hobby #gds #byidarossland #idarossland #redesign #gjenbruk #hage #norgesglass #norgesglas #norge

16 kommentarer

Siste innlegg