Oppussing av hus!

No har vi budd i denne boligen i litt over ein mnd, og begynne å bli greit utpakka. Med greit så meiner eg at stove, kjøkken, gang, bad og gjesterom er ryddig, mens soverom og gjesterom nr 2 er fult av klær og ting.😅  Og ikkje minst skal gjesterom nr 2 skal bli hobbyrom(!!!). Endelig skal eg få meg ein plass der alt av kreative ting skal være. Planen for det rommet er ikkje kome lenger enn at eg veit eg skal ha ein lang pult/arbeidsbenk. Og ikkje la meg begynne på oppbevaring på det rommet. Nåken som har tips eller? Eg har alt for mykje hobbyting, så her må det bli orden 🙈  

Ellers har vi fått beskjed om at vi skal få nåken til å male veggane i boligen vår! For ein lykke. Eg hadde egentlig trudd at vi måtte male sjølv, men når dei tilbudte seg å male for oss så var eg ikkje vond å be. 😊  Egentlig har vi bare fått velge mellom grå og kvite tonar, men eg skal prøve å lure inn litt blått i tillegg. Fargepaletten i huset blir som følger: Klassisk kvit, Skumring, Grå Harmoni og Nordisk Hav. Regner med det blir bra. Sånn med tanke på at vi egentlig ikkje får ha nåken farge på veggane så blei dette det mest “spenstige” vi fekk til. 🙈  Mulig hobbyrommet får seg ein litt sprekare farge, sånn på sikt. 

No har vi fått storfint besøk av svigers for helga, og dei er klare for å sjå kva Ørlandet har å by på. Kanskje Gunn må bli med meg på fargehandelen så vi får funne farge til hobbyrommet og! 😏

Kva syns dåke om fargane ilag? 😊

#diy #kreativ #oppsussing #gjørdetselv #male #maling #jotun #hobby #hobbyrom #bolig #hus #hage

26 kommentarer

Siste innlegg