DIY: Ein enkel oppgradering

Eg var så lei av dei kvite kjedelige IKEA-pottene mine og hadde mest lyst å kjøpe nye. Men, nye potter koster jo litt og når eg skulle ha så mange så blei det ikkje aktuelt. Eg blei då veldig glad for at eg kom på at eg hadde ein haug med sprayboksar i skapet. Heldigvis hadde eg gullfargen eg ville ha og, så då var jobben enkel! 😊 

Eg spraya pottene ute på eit jevnt underlag, altså papp. Først opp ned, før eg snudde pottene og fekk spraya på toppen. Det er viktig å ikkje holde sprayboksen for nært pottene, og spraye med jevne bevegelsar. Ellers vil malinga renne og lage skjolder. 

Dei store pottene har fått plass på soverommet og dei små skal etter planen brukast som dekorasjon til borddekking 😊  Så gjenbruk er tingen folkens! Ein sprayboks kostar vel fra 30-100 kr på jernvareforretningane så her er det mykje å spare. Mine er kjøpt på Walmart i USA, men eg tippar det er mulig å få tak i lignande gullfarge her heime og. 👍

#diy #hjemmelaget #hjemmelaga #heimelaga #gjørdetsel #gds #byidarossland #spray #kreativ #interiør #hobby #gull

12 kommentarer

Siste innlegg