DIY: Sengegavl

Sengegavl/ hodegavl, kjært barn har mange navn.. Men det viktigaste er at ein forstår kva det er snakk om. Eg har lenge hatt lyst å lage ein sengegavl til senga vår. Faktisk har eg planlagt det så lenge at stoffet blei kjøpt for 3 år siden på IKEA, også har det lege i skapet og modna seg fram til no.. Ja, det er faktisk sant..

Så no, endelig, har eg fått snikkra sammen ein. Og kor kjapt det var! At eg ikkje har gjort det før.. #latskap Bare sjå kor fin den blei då!😊 

 

Eg har brukt:

  • Sponplate (kutta i 180cm x 90 cm)
  • 2 stk tynne dyner fra IKEA (39 kr stk)
  • Valgfritt stoff.  Gjerne eit som er litt tjukt, slik at det holder godt og ikkje rivner av stiftane ( 140cm x 210cm.)
  • Stiftamaskin
  • Saks
  • Skruer
  • Oppheng / Beslag

 

Her er beslaga eg brukte. 

Slik gjer du:

  • Legg ut stoffet og fyllet (dynene) på gulvet, og strekk ut. Stift jevnt rundt slik at fyllet heng fast.
  • Legg deretter sponplata oppå.
  • Stift først dyna fast til plata. Klipp gjerne vekk litt overflødig dyne i kantane, slik at det ikkje klumpar for mykje. 

  • Stift så stoffet fast på den eine langsida. Har du mønster må du passe på at stoffet ikkje drar seg.
  • Dra stoffet godt, og stift på den andre langsida. Snu gjerne hodegavlen opp etterpå for å sjå om du har strekt nok.
  • Brett deretter inn hjørnene som om du sku pakke inn ein presang. 

  • Ferdig og bein. Eg var litt spent på om eg skulle klare å få det beint. Det var jo litt viktig med tanke på at eg hadde eit stoff som dette. Har du eit einsfarga stoff så er det ikkje sååå viktig 😊 

  • No skal sengegavlen være ferdig! Neste steg er å feste den på veggen. Siden gavlen vegde ganske masse så måtte festene være solide. Eg kjøpte då 3 stk bladhengsel (sjå på bildet), og skrudde fast i plata. 

  • Deretter skrudde eg den andre delen av bladhengselet i ein lang planke.
  • Skru planken fast i veggen med 5 gode lange skruer. Her kan det være kjekt å være 2 eller 3 personar til å holde.. Eg var aleine og var gjennomsvett og sliten av å prøve å holde gavlen oppe med ei hånd og hode, mens eg prøvde å skru fast planken i veggen med den andre handa. 
  • Som du ser på bildet under så har eg bretta sengegavlen opp mot taket og inntil veggen når eg skal montere den til veggen. Det er på grunn av hengslene eg har valgt å bruke. Ein kan sjølvsagt bruke andre typar oppheng, men eg valgt denne måten då den veger enormt mykje og vi mest sannsynlig skal ta den med oss når vi ein gang flytter. 😊

Voila! Kva syns dåke om den? Var den ikkje fin? 😊  Både mannen og eg blei i alle fall veldig fornøyd med oppgraderinga av soverommet 😊 

Følg meg gjerne på Facebook: Idarossland.blogg.no

#diy #sengegavl #sengegavel #hodegavl #hodegavel #heimelaga #bygg #interiør #kreativ #fiksdetselv #gjørdetselv #hobby #soverom #handy #byggmax #monter #hobbymagasinet #hobbygruppa 

14 kommentarer

Siste innlegg