Trondheimstur

På mandag var eg og Vegard ein liten dagstur til Trondheim. Vi skulle ha bilen på service og då tok vi like gjerne det ein dag eg hadde fri så vi kunne reise begge to.😊  Det var eit snøkledd landskap som møtte oss når vi kjørte innøve fjorden, skikkelig julestemning. Nesten så vi følte at vi kjørte heim til jul her! Når vi kom inn til byn så plasserte vi bilen på verkstaden og tok turen ned på City Lade for å svi av litt pengar på juleshopping. 🙈

Etter at bilen var ferdig og henta så var det tid for middag. Eg overraska Vegard med å vise han veien til Tyholttårnet og Egon! Ein artig restaurant som vi måtte ta heisen opp 75 meter for å komme til. Her går også øverste etasje rundt i ring, 360 grader på ein time. Litt som på Top of Waikiki på Hawaii, bare at i Tyholttårnet blei eg faktisk litt svimmel.. 😅  Men utsikten var det virkelig ikkje nåke å sei på! Her ser ein heile Trondheim og meir som det. Så totalt verdt turen om ein er i Trondheim 😊

#trondheim #tyholttårnet #tyholt #mat #tur #reise #hverdag #kvardag #bil 

14 kommentarer

Siste innlegg