DIY: Hekla juletre

Her kjem enda eit lite julegavetips heilt på tampen. Desse søte hekla juletrea er kjappe å lage, og tar seg veldig godt ut som julepynt, eller ka? 😊 

Oppskrifta er henta fra Heklefeen.dk, og eg har oversatt den til Norsk. 

e

Du treng: 

  • Bomullsgarn
  • Heklenål 2,5
  • Trespyd
  • Fyll
  • Valgfri pynt

 

Slik gjer du:

Fm fastmaske
Lm luftmaske
Km kjedemaske

Hekle 2 like stykker.

Vend kvar rekke med ei lm

1. spiss
1) 2 lm, 1 fm i første lm
2) 3 fm i samme m
3) 2 fm i samme m, 1 fm, 2 fm i samme m (5)
4) Øk ei maske i kvar ende til du har 23 masker i rekka 
5) 5 km, 13 fm, vend lm

2. spiss
6) 2 fm i samme m, 11 fm, 2 fm i samme m (15)
7) Øk ei maske i kvar ende til du har 29 masker i rekka
8) 6 km, 17 fm, vend lm

3. spiss
9) 2 fm i samme m, 15 fm, 2 fm i samme m (19)
10) Øk ei maske i kvar ende til du har 35 masker i rekka
11) 7 km, 21 fm, vend lm

4. spiss
11) 2 fm i samme m, 19 fm, 2 fm i samme m (23)
12) Øk ei maske i kvar ende til du har 41 masker i rekka.
13) 8 km, 25 fm, vend lm

5.spiss
14) 2 fm i samme m, 23 fm, 2 fm i samme m (27)
15) Øk ei maske i kvar ende til du har 47 masker i rekka

Lag så mange spissar du ønsker, eg syns 3 og 4 var fint på desse trea ilag.

Hekle deretter dei to trea sammen rundt kanten med fm. Stapp treet godt med fyll etterkvart så du hekler rundt. Du må nok og dra litt av vatten ut i spissane med heklenåla, jobbe litt med treet. 

Stikk ein pinne opp i treet, og du kan sette treet i ei potte. Eg har valgt å borre hull i ei treplate og sette pinnen i. Då kan trea stå fint på ein kommode eller i vinduskarmen av seg sjølv. 

Pynt treet slik du ønsker. 

#hæklefeensopskrift #hekle #diy #interiør #hobby #hobbygruppa #diymagasinet #oppskrift #heimelaga #hjemmelaget #kreativ 

12 kommentarer

Siste innlegg