11 kjappe i juletida 🎄

Tenkte eg skulle kaste meg på desse kjappe spørsmåla som florerer på bloggane no i romjula. Det er bare 11 kjappe spørsmål med korte svar, kun for gøy! Del gjerne på din eigen blogg du og 😊

Pepperkaker eller kakemenn?
Hmm, helst sprø heimelaga pepperkaker! Men kakemenn er jo ikkje så verst det heller..

Sjokolade- eller pakkekalender?
Eg har faktisk aldri hatt ein sjokoladekalender, så her må eg sei eg er mest fan av pakkekalender. No blei det ikkje nåken pakkekalender i år då, men får komme sterkare tilbake til neste år 😊  Vi har hatt flaxkalender ein del år, og det er og veldig artig!

Marsipan eller Sjokolade?
Sjokolade! Eg klare virkelig ikkje marsipan..

Nøttesteik eller Vegisterkaker?
Veggiskaker kanskje? Har laga veggiskarbonader, og det var veldig godt. Er bare å ha masse forskjellig krydder i dei 😊

Gløgg eller kakao?
Heimelaga kvitvinsgløgg! Om det ikkje var ein av alternativa så må det bli ein kopp med kakao og krem.

Heime eller vekke på julaften?
Så lenge eg er med familie så er det egentlig eit fett kor eg er. I fjor var vi jo i Phoenix, men fekk besøk av familie og venn, så jula var like fin som heime det året. Ein kjekk opplevelse å få med seg!

Julesokk på julaften eller 1. juledag?
Eg er så heldig å ha to julafter, 24. og 25. desember. Så vi får julesokk litt her og litt der, men ikkje kvart år. Blir meir stas slik. 😊 

Plasttre eller ekte tre?
Før var eg veldig i mot plasttre, men har no sett det praktiske med det. Vi pynter jo treet vårt i begynnelsen av desember, men det er og kjekt å komme heim til mamma å pynte det ekte treet på lillejulaften. 

Gull- eller sølvpynt?
Sølv til jul! Og gull til kvardags. I alle fall for no. Godt mulig det endrar seg utover året igjen..

Mjuke eller harde pakkar?
Ja, takk begge deler? Eg er vel blitt så voksen at det ikkje er pakkane som er det viktigaste lenger. Sjølv om eg var heilt overvelda av kor mange fine pakkar eg og Vegard har fått i år. 

Kva julefilm? Elf eller Alene hjemme?
Alene Hjemme 1! Tidenes julefilm. 

 

 🎄 God romjulstid dåke! 🎄

6 kommentarer

Siste innlegg