Las Vegas

Etter vi hadde vore nokre dagar i Los Angeles så bestemte vi oss for ein liten tur innom Vegas! Når vi først var i nærheten liksom… Vi kjørte så og sei bare i ørken heile veien, så det var svært lite å sjå.. Turen frå LA til LV tok vel ca 5 timar i bil (?), eg huskar ikkje. Det gjekk i alle fall fort 🙂

Då vi kom fram til Vegas var det så ekstremt mange inntrykk å ta inn over seg. Alt var så stort og kult! Vi sjekka inn på hotell Flamingo som låg midt i hovedgata, tvers over for Caesars Palace (hotellet som er med i Hangover filmen). Det første eg og Vegard gjorde når vi hadde sjekka inn var å hive oss i ein Taxi til Pawn Shoppen som vi har sett på Tv..Eg veit, geeks…Vegard måtte kjøpe seg noko der i frå, så han blei ein lykkelig eigar av ein sølvmynt!

Vel tilbake på hotellet vårt var det ekstremt mykje folk, både gamle og unge. Det var tydelig der det skjedde mest på kveldane. Vi fekk til og med gambla litt på spelemaskinane! 😉 Vi var innom Bellagio for å sjå på kasinoet og, men der var det ikkje halvparten så god stemning som på Flamingo. Så hotellet er absolutt å anbefale! Vi hadde bare ei natt i Vegas, men vi fekk uansett opplevd mykje. Absolutt ein plass vi kjem til å reise tilbake til 🙂

 

“Frokost” på ein diner!

Hotellet vi budde på låg midt i sentrum! Rett ved Bellagio og Caesars Palaze

Her er utsikten fra rommet vårt, snakk om å vera heldige!

Ein av hovedgrunnen til at Vegard skulle til Vegas var så han kunne besøka Pawn shoppen som vi ser på Max! :p Til vanlig pleide det å være lang kø, men vi var heldigvis litt seinare på dagen:) Det som var negativt då var jo at hovedpersoane i serien ikkje var der.. 🙂

Bellagio! Og det berømte fonteneshowet! Absolutt verdt ein titt 🙂

Show på kvelden 🙂

Slik kjørte vi stort sett gjennom heile ørkenen i frå Los Angeles til Las Vegas. Lange lange sletter.

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg