Ka skjedde?

Våkna til at det låg snø på soverommsvinduet vårt. Krøyp litt lenger under dyno før eg manna meg til å stå opp. Kan det vera nødvendig med snø i april? Også så langt sør i landet.. Trudde det alltid var sol og fint vær i Kristiansand eg.

Igår:

Idag:

Starta dagen rolig med havrepannekake og god morgen norge 🙂

DIY- Goldmine inspirert

Etter å ha sett dei populære Goldmine-smykkene, og sjekka prisen på dei, fant eg ut at eg ikkje kunne tillata meg å kjøpa eit. Eg har heller prøvt å laga meg eit. Dette er det første, så blei litt prøving og feiling. Skal laga fleire, men må nok kjøpa utstyr på andre plassar enn hobbybutikkar.Ebay er nok eit godt og billigt alternativ!

Du treng:

* Kjede (har brukt 13mm tjukt og ca 1,5 m langt)

* Bommulstrå

* Smykkelås og kjede

*Perler

*stav til å ha perlene på

*Avbitertang og evt rundtang


Del kjedet i tre deler og begynn å sy to sammen. Eg hadde tre løkker  på kvar, men ser det blei litt masse på så små kjeder.


Såy sammen kjedene heile vegen, start deretter på den tredje. Her kan det være lurt å stramma inn litt, Dra to rundingar inn i ein. Dette for å få form på smykket.

Legg perlene slik du vil ha og fest dei fast. Bare fantasien sett ein stopper her.


Del gjerne tips og triks med meg 🙂

Stasjonær pc

HURRA!! Siden tastaturet på den bærbare pc’en min ikkje har fungert på øve ein mnd (og ingen hjelp i fra Acer er å få), så har eg endelig fått meg stasjonær pc. I alle fall nesten. Kjøpte meg eksternt tastatur til 99 kr på Clas Ohlson!  Burde kanskje kjøpt meg ei pc-mus og, er ekstremt tungvindt å flytta hando fram og tilbake til pcen for kvart tastetrykk…

No kan eg endelig begynna på eksamensoppgavo mi..

Working class hero

Igår og idag har eg jobba tidligvakter på jobb. Hardt å stå opp så tidlig etter ein to veker lang påskeferie..kjenne eg ikkje er laga for det! Det som er det beste med å ha tidligvakter er å eta lunch på jobb etter endt vakt! Igår satt eg i øve tre timar og leste skule og åt ein god salat, special made. No sitte eg og her og har ete tidenes wrap! Ekstra digg å laga den sjøl, får akkuratt da eg vil ha på den då:-)

Begynne å vårast i Kristiansand no, endelig! Sjølv om eg såg i aviso at det var meldt snø på torsdag(?!)…

I påsken har eg..

Vore ute

Ete herlig tre-retters

Vore til Bergen og solt meg

Kjørt på fjellet

Vore på hytto

Gått på ski


Hatt afterski i hytteveggen og ete vaffle


Kost med Vilde


Vore i fjellet, grilla pølser og aka

Chillan og solt oss


Vore på piknik med besto og bessen

Sett på guttane gama


Bert ved


Sett på mamma bera ved 

Ete mat

og ete meir mat

Og ete endo meir mat hos Peder Bakar

 Og til slutt, sett på nydelige solnedgangar heima

Starstrucked

Hadde øve to timar å venta på Flesland idag når me skulle til Kristiansand. Prøvte resturanten som ligge før security området, og maten er til å anbefala 🙂 Koste oss med utsikten øve fly som tok av og landa, mens Vegard fortsatt var litt starstrucked etter å ha gått rett forbi Ole Gunnar Solskjær!  

Ser deg til sommaren!

Tenk at me ikkje skal heim før til sommaren no. Utenkelig. 

Stakkars mamma..

..som bare har hatt meg som har laga så fin påskepynt.. Kan ikkje heilt forstå ka ungar tenker når dei lager “pynt”. 

Gul påske-larve med rosa fjør og mjelkekartong-kylling (??)

Kvit larve med kyllingbein og hatt…(??)

Er heldigvis ikkje så mykje heimalaga påskepynt. Bare vent til julapynten skal fram!!