Oppskrift: Sjokolademuffins med sukkerfri vaniljekrem

Vi har kosa oss så med besøk i helga! Etter at Gunn og Jan hadde reist heim for helga så rydda og vaska vi heile leiligheten. Vegard skrubba steikeovnen til den store gullmedaljen i sikkert ein time! Vi fann ut at ei real belønning var fortjent, så no har vi laga sjokolademuffins. Det var jo gjort på 1-2-3 sidan eg hadde ein pakke fra funksjonellmat ståande. Så for å gjere den litt meir avansert så laga vi og heimelaga vaniljekrem, utan sukker. 🙂  Oppskrifta på vaniljekremen er nok ein gang henta hos Linda Stuhaug.

Til sukkerfri vaniljekrem treng ein:

5 dl mjelk  45g sukrin  2 vaniljestenger  30 gr maizenna  3 eggeplommer  

Start med å blande mjelk og sukrin i ei panne. Del vaniljestengene og skrap ut frøa med ei skei, og ha både frøa og stengene oppi mjelkeblandinga. La dette varme seg opp til kokepunktet, og sett blandinga til side og la det stå å trekke seg litt slik at vaniljen får avgitt smak.  I ein bolle for seg sjølv pisker du eggeplommene og maizennamjølet i lag. Ta vaniljestengene utav mjelkeblandinga og tøm halvparten av blandinga over i bollen med egg og maizenna. Rør rudt før du heller alt saman tilbake i kjelen og varmer opp på ny. Hugs å rør heile tida. Når blandinga når kokepunktet så er den begynna å tjukne, så då kan du trekke den til side. Den skal då være passe tjukk, som vaniljekrem, om ikkje la den stå litt lenger på plata. Så enkelt!

Vi hadde altså ein dæsj med vaniljekrem i midten av sjokolademuffinsen før den skulle i ovnen. Og resultatet var himmelsk! Og det beste av alt, kakemixen smaka faktisk godt. Til og med Vegard godkjente den som sjokoladekake. *tommel opp* 😀 No skal vi kosa oss med resten av muffinsane og sjå på White Collar, er heilt hekta:D

Fantastisk start på helga

For ein god start på helga! Først sto eg opp med Vegard og var på Elixia før kl 07:30. Der fekk eg sprunge litt intervallar og trent styrke. Etterpå tok eg turen opp på skulen jobba godt med eksamensoppgåve i internasjonal markedsføring fram til 15:00. Kl 12 kom eg plutselig på at eg tidligare i veka hadde kjøpt lodd til vinlotteriet vi har, og når eg i tilegg vant så var fredagen komplett! 😀 

I helga har vi og besøk av Gunn og Jan, foreldra til Vegard, så dette blir ei fin helg 🙂 No skal eg og Gunn på IKEA  *hurraa* 😀

Back on track

For ei fin helg og søndagsmorgon! Fredag kveld kom eg heim og denne gangen var Vegard med meg og. Endelig skal han få vere heime i ein heil mnd før han må på nord igjen! Det er so godt å ha han heime 🙂  Eg har starta dagen min med oppgåveskriving og ein superfrokost, det gjer meg så motivert for trening så eg trur det blir ein tur ned på Elixia idag. Det er i alle fall planen om ikkje Vegard har ombestemt seg då.. I natt har vinteren meldt sin ankomst igjen.. Reknar ikkje med den har tenkt å vere lenge (?), for eg er så klar for vår og varme no! 

#hjemme #vinter #snø #lekser #kristiansand