Her er leiligheten!

Her er leiligheten vi bur i her i Florida! Ikkje dei aller beste bildene, då det var så lyst ute når eg prøvde å ta bilder.. Den er ikkje akkurat så veldig personlig inspirert då, men det er det vi har nett no. I slutten av august kjem alle tinga våre, så då skal eg sjå om eg får til å filme heile leiligheten til dåke 🙂 ​Vi har to soverom, to bad og ikkje mindre enn tre tv´ar.. Så vi har det rimelig greit her 🙂 

Her er stova vår. Ut terassedøra har vi ein liten platting og frå den ser vi rett bort på bassenget.  Sofaen er ikkje akkurat førstevalget mitt då, men hey vi har i det minste komt til “duk og dekka bord” her 🙂
SAMSUNG CSC

I frå stova ser vi bort på spisebord og kjøkken. Ved sida av kjøleskapet er det inn til eit vaskerom som har ein vaskemaksin og ein tørketrommel. Alt går visst i tørketrommelen her, og eg skal innrømme at det er veldig deilig! På butikken skjønte dei ikkje ka tørkestativ var ein gang..:p

SAMSUNG CSC

Kjøkkenet er lite praktisk med tanke på benkplass.. Det er i alle fall ikkje mulig å være to om å lage mat her nei :p Men det har alt vi treng, sjølv om det kanskje er litt lite med kun 4 av kvart servise.. Oppvaskemaskinen må gå minst ein gang til dagen ja!

Her er soverommet vårt 🙂 Gjesterommet er heilt likt. I frå soverommet vårt har vi inngang til badet som vi bruker. Det andre badet har inngang i frå stova/gangen. 

SAMSUNG CSC

Klesskap med god plass til alle mine kle og Vegard sine 🙂

SAMSUNG CSC

Så då har dåke endelig fått sett litt andre bilder enn kun basseng og strand 😉 

SAMSUNG CSC

#iviusa #usa #florida #utlandet #interiør #interior 

Vegard´s første arbeidsdag!

Lokal tid: Mandag kl 19:15

Eller arbeidskveld er det vel egentlig. Han har arbeidstid i frå 16:00- 01:00 på natta.. Og i kveld er første kvelden, så det blir spennande å sjå korleis det blir for både meg og han :p Satsar på dei kan avslutte litt tidligare enn 01 kvar dag, og at dei kanskje kan få nåken fredagar fri.. 🙂 Uansett så får vi sjå positivt på det, og at han får være heime å nyte soldagane som er. 

SAMSUNG CSC

No sitte eg inne og har rydda leiligheten og lagt meg ein deilig mango og avokadosalat. Egentlig tok eg litt av alt vi hadde i kjøleskapet og ut av det blei det i alle fall ein nydelig frisk salat til middag 🙂 Så etter at salaten er konsumert må eg finne på nåke nytt å gjere.. Hmm, tida går i alle fall ikkje fort om eg ser på klokka heile tida! 🙂

SAMSUNG CSC

Eg kan forresten meddele at det ikkje har vore så masse som eit glimt av sola her idag! Idag har det hølja ned, og har akkurat blitt opplett no kl 19:00. Temperaturen er her fortsatt då, så vi kan ikkje klage 🙂 Sidan det har regna idag så har vi ikkje fått vært ute. Eg og Vegard starta dagen med å sjå på serie og ete frokost. Deretter gjekk vi ein tur bort på treningsstudio. Når Vegard var kjørt på jobb i 15 tida, så ringte Linda og lurte på om eg ville være med å trene. Så då gjekk eg jaggu meg å trente ein gang til! Slik er det når treningsstudio er ca 10 meter i frå verandadøra.. Reknar ikkje med det blir kvardagskost akkurat, for eg kunne gjerne tenkt meg å legge litt med bassenget og 😉 Satsar på ein bedre soldag i morgon!

SAMSUNG CSC

#usa #iviusa #florida #hjemme #salat #studentmat #matprat #enkelmat

Oppskrift: Kokos- og limeis

SAMSUNG CSC

Kokos er nok ein av favorittane til Vegard, ikkje skjønner eg det.. Men, god kone som eg er fant eg ut at eg ville prøve å lage kokosis til han! Eg tenkte at om eg heiv i lime så kunne isen kanskje bli litt frisk og god. Om du ser nøye på isane så ser du at dei har skilt seg litt på midten.. Så neste gang trur eg at eg kjem til å bruke lett kokosmjelk slik at det ikkje skiller seg slik 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 1 boks (4 dl) kokosmelk
  • 1,5 ss kokosmasse
  • 4 ss sukker
  • safta og raspa skall av ein lime
  • 0,5 dl vatn

Slik gjer du:

  • Bland vatn, sukker og kokosmasse og kok opp til sukkeret er oppløyst. Avkjøl (om du har tid)
  • Tilsett kokosmelk, limesaft og limeskal og rør godt. Få vekk evt klumpar som er i kokosmelka. 
  • Hell over i isformer eller boks. La stå i frys i alle fall ein par timar til dei er stivna

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#is #sommer #godtno #matprat #friskis #kokosis #kokos #sommer #summer #oppskrift