Ufrivillig husdyr

Ja, for det er ikkje som om vi har vore på husdyrhandel idag.. Klokka er no snart 04:00 lokal tid.. Eg fekk ikkje sove pga alle myggstikka eg har fått, og sto opp for å smøre meg med nåke klødempane. I det eg sitte ved spisebordet og aner fred og ingen fare, så får eg ein følelse av at det er nåke som sitte på meg.. Eg snur meg og ser bort på armen, og der sitte tidenes største billa og ser meg inn i augene. Eg fekk sjølvsagt lettare panikk og slo til dyret for å få den vekk. “Heldigvis” landa den bare oppi ein liten vatnflekk som låg på bordet, og der såg eg djævelskapen låg på rygg og kjempa for å få snudd seg. På under 2 sekund hadde eg slått dyret av meg, tømt all drikko mi i vasken, fanga dyret i glasset og innsett at det var ein kakerlakk

SAMSUNG CSC

Ein kakerlakk liksom. Eit skadedyr. Eit monster som til og med leve av å eta sin eigen art.. Eg gir opp. Ho, ja for det er tydligvis ei dame, har til og med sendt ut ei ekkel lukt. På Wikipedia står det at damene sender ut denne lukta så han-kakerlakken skal finne dei. Så no kjeme dei vel mannsterke for å hente dronninga si.. *blææ*.. Sjå på dette dyret då! Svær som pokker. Her har eg prøvd å sammenligne med ein usb-kabe, men bildet lyg då usb-kabelen er lengre framme i bilde enn dyret.

SAMSUNG CSC

På Wikipedia leste eg at dei ikkje like kalde temperaturar, og foretrekker helst 84 Fahrenheit (29 grader).. Eg har no skrudd airconditionen ned til 70 Fahrenheit, bare for å være på den sikre sida. Eg har forresten og spraya heile leiligheten og alle sprekker med insektspray, så eg satser på at ikkje resten av kolonien tar turen for å redde han.  Ein ting er i alle fall sikkert, eg kjem nok til å sitte på vakt i natt. Blir vel lite søvn før heile leiligheten er gjennomsøkt for krypdyr!

SAMSUNG CSC

Og ja, eg veit eg ikkje skal klage. Eg får nemlig nok av snap fra Camilla som sitter i Phoenix. Ho sender slike koselige snap der ho har fanga skorpionar.. Så eg har vel å sjå fram til i november… 

Plutselig virke ikkje mosquitoes, hornets, ticks, deerflies og horsflies så gale likevell.. 

Oppskrift: Ovnsbakte kokebanan-chips

Kva er kokebanan? Det tenkte eg og når eg såg denne frukta/grønnsaken på butikken. Når eg har sett den på innvandrerbutikken i Kristiansand så har eg egentlig bare tenkt at det har vært ei massiv og umoden banan. Men etter at eg kom øve denne bloggen så fant eg ut at dette måtte eg gje eit forsøk. Eg er veldig for å teste nye typar grønnsaker og frukt, så Vegard blei faktisk ikkje litt overraska når eg kom heim med denne eine massive banana her. Han bare himla litt med augene og lurte på ka nytt eg skulle prøve no.. :p

SAMSUNG CSC

Kokebanan er ikkje som ei vanlig banan. Den er stor, grønn og kan reknast meir som ein grønnsak enn ein frukt. Den kan heller ikkje etast rå, og bør då varmebehandlast ved å enten bli grilla, kokt, steikt eller frityrsteikt. I Norge har eg aldri før sett kokebanan på vanlig matbutikk, så eg tipper ein må på ein innvandrerbutikk eller spesialbutikk for å få tak i den.  

Skallet er ganske hardt, og vanskelig å ta av, så dette må skjærast forsiktig av. Kokebanan passar visst og godt til kjøtt og kylling, om ein tilbereder den som feks søtpotet. Den kan og minnast om søtpotet i smaken. Kokebanan inneholder og meir energi enn ei vanlig banan, og den er full av A-vitamin, C-vitamin og mineraler. 

  • Skrell kokebanana ved å kutte av begge endane og snitt skallet på langs.
  • Skjær kokebanana i tynne skiver med ein ostehøvel eller mandoling. Ein kniv fungerer og bra, men pass på at skivene blir ca like store.

SAMSUNG CSC

  • Legg skivene i ein plastpose og hell oppi litt olje og valgfritt krydder. Rist posen til krydderet og olja er fordelt. 
  • Legg skivene utover på ei langpanne. Pass på at dei ikkje ligg oppå kvarandre. Strø gjerne litt meir krydder på.
  • Sett inn i ovnen på 200 grader.

SAMSUNG CSC

  • Ta brettet etter 8 minutter og snu skivene. No kan du krydre den andre sida meir om du vil.
  • Steik deretter i nye 8 min, men pass på så dei ikkje blir svidd. Dei skal være gyldne.
  • La dei kjøle seg litt ned før du serverer dei. Dei er best når dei er lunka. Server som chips, eller som tilbehør til anna middag.

SAMSUNG CSC

Chipsen var god den, men hadde det ikkje vært for krydderet så trur eg ikkje den hadde smakt så veldig mykje.. Eg merka og forskjell på bitane som var litt bedre steikt, då dei var sprø og gode, kontra dei som var litt tjukkare som var mjuke inni og sprø utpå. Kan anbefalast å testast! Men pass på, kokebanan er ikkje kalorifattig kost. På100 gram inneheld den ca 120 kcal. Dette er nok og årsaken til at den er ein viktig basisvare i mange menneskers kosthold.

SAMSUNG CSC

#Oppskrift #chips #kokebanan #grønnsak #matprat #snacks #kos #høst #sunnmat #sunnhet

A pancake kind of day

SAMSUNG CSC

Woop! Etter 3 veker som Amerikanera har vi endelig fått laga oss den første skikkelige Amerikanske frokosten, nemlig pannekaker og sirup! Vi bur jo på ein ganske “liten” plass med kun 22 000 innbyggera no, så vi har ikkje heilt den storbyfølelsen, og stresset det medfører seg, rundt oss kvar dag. Vi har då heller ingen skikkelig Amerikansk diner innen gåavstand, så ein slik frokost må vi då lage sjølv. Kanskje like greit egentlig 😉

SAMSUNG CSC

Vegard i full sving!

Vi kjøpte sjølvsagt pannekaker og sirup frå Aunt Jemima, eit velkjent merke på verdensbasis. Eg er ikkje så veldig fan av sirup på pannekaker (siden eg innerst inne veit at det er flytande sukker…), men denne lett-versjonen her kunne eg ete ei pannekake med. 

SAMSUNG CSC

Mmmm, sjå kor deilig! Neste gang, altså ei god stund til, så trur eg eg heller skal ha pannekaker med Nutella og jordbær! <3 Ikkje akkurat kvardagskost det heller!

SAMSUNG CSC

#frokost #pannekaker #oppskrift #usa #utlandet #matprat

Oppskrift: Heimelaga müsli med bær

SAMSUNG CSC

Det første eg hadde lyst å bake/lage når eg kom fram til USA var heimelaga müsli. Som ein kan tenke seg, så er det aller meste av frokostblanding osv fullt av sukker og glukose.. Det er godt å kunne ha litt kontroll øve kva ein puttar i kroppen sin, sjølv om ein bur her borte, så eg er gla eg fant ein butikk som solgte ingrediensane eg trengte.

Eg hadde ikkje nåken spesiell oppskrift eg fulgte, eg bare kjøpte forskjellige typar frø/gryn på Whole Foods, og blanda sammen. Varm og opp ca 3 ss kokosolje og 3 ss sirup eller honning på svak varme. Bland sammen alle ingrediensane, og tilpass med fuktigheten. Det skal ikkje være veldig mykje fuktighet, men slik at heile blandinga er litt fuktig. Steik på 180 grader i 15-20 min. Hugs å røre rundt i langpanna underveis i steikinga, og pass på at det ikkje blir svidd. 

Eg hadde og i tranebær, kokos, rosiner og mykje kanel i tillegg. Dette gir ekstra god smak 🙂

SAMSUNG CSC

Perfekt gylden farge.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC
 

Her er oppskrifta til ein anna musli eg har laga tidligare. 

#oppskrift #musli #granola #matprat #studentmat #frokost

Oppsummering Juni:

Bedre seint enn aldri, eller ka? Sommaren har egentlig flydd litt forbi meg, og alt eg har hatt på “to do” lista mi etter at eg kom til USA, har blitt nedprioritert i varmen. No er vi tydeligvis inne i ein skikkelig regnperiode her borte, så eg får endelig litt tid til inneaktivitetar, som å sitte på pc og være kreativ 🙂 Her kjem i alle fall ei oppsummering av juni månad. Juli er forhåpentligvis rett rundt hjørnet.. 😉

———————————————————————————————————————————————————————-

02.06: Eg starta dagen med ein joggetur til Hamresanden før det var grilling med gode venner hos Helge. Sola steikte på terrassen, så vi holdt på å smelte vekk. Fleire bilder finn du HER.

03.06: Fredag satt eg på med Vegard til Kjevik og gjekk heim igjen på morgenkvisten. På ettermiddagen reiste Linn, Anette, Tanja og eg til Hamresanden for grilling og soling. Eg gjekk heim i 18-19 tida, for då var det på tide å komme seg heim til middag og Idol!

04.05: Eirik og Linda inviterte til innvielse av den nye utesofaen sin, og vi var ikkje vonde å be! Kvelden blei derimot litt lenger enn eg hadde planlagt, då vi møtte ein kollega av Vegard, og kona, på byen og dei ville ha oss med på narch. Heldigvis hadde vi med oss ein sjåfør, så vi blei kjørt heim i 06 tida.. Zzz, søndagen gjekk med andre ord vekk til soving og soling..

06.06: Eg hadde date på Bystranda med Therese, ei eg har studert med, og vi var klare der kl 11! Ein heilt fantastisk dag med knall sol! Les meir om den HER.

11.06: Utdrikkningslag til Eva! Veldig kjekt at eg fekk med meg dette, siden eg var reist heim når bryllupet var. 🙂 

12.06: Marthe tok ein haug med bryllupsbilder av oss på Hamresanden! Åhh, så mange fine 😀

14.-19.06: Eg reiste ein tur heim til Kvinnherad for litt butikkjobbing, barnepass og familiekos. 

21.06: Tirsdagskonsert på fiskebrygga med Linn, Anette, Mona og Harry.

22.06: Gradueringsparty på Kjevik.

24.-26.06: Reiste til Bergen for å delta i utdrikningslag til søskenbarnet mitt, Silje. Ho blei virkelig tatt på senga! Vi hadde ein kjempe kjekk dag i klatreparken i Bergen og nydelig tapas til seint på kveld. Skal sjå om eg får lagt ut litt fleire bilder fra dagen 🙂

30.06: Simen kom på besøk for Palmesushelga og eg og Vegard driv på å et ut av frys og skap. Vi inviterte Martin bort på tidenes kjøttmåltid med hjort og lam frå Kvinnherad. Ein type “last supper” i Vigvollåsen!

Min mann kan, alt.

SAMSUNG CSC

Vegard hadde kjørt nåken kollega til butikken tidligare i veka, og kom heim med denne fine buketten liljer og roser. 

Eg: Tusen takk! Men ka har du egentlig tenkt at vi skal ha dei i? 

Vegard: *Ser litt dumt på meg* Denna sjølvsagt! *drar opp ein enkel og fin glassvase fra handleposen*

Eg: Du altså, så flink du er! Tenke på alt!

Vegard: Ja, men eg kjørte safe då. Turte ikkje kjøpa nåke meir fancy vase enn at den får lov å komma inn i leiligheten 🙂

haha, han altså.. :p Eg glede meg til resten av interiøret vårt komme i slutten av august, så Vegard sleppe å prøva  å kjøpa interiør til meg aleine 😉

SAMSUNG CSC

No føles leiligheten som ein heim, og ikkje som ein ferieleilighet. Det er ikkje meir som skal til!

Coyote Ugly – dansing på baren

Forrige fredag hadde Vegard invitert kollegaene bort til oss for nåken øl. Vel, nåken øl blir fort litt fleire og plutselig hadde vi bestillt ein maxitaxi som kjørte oss til Destin. Heile taxituren på ca 15 min hadde vi allsang med Åge Aleksandersen og Klovner i Kamp! Turen gjekk bra fort, og taxisjåføren sa han var fornøyd med konserten han hadde fått 😉

Først gjekk vi på ein Irsk bar som heiter Mc Guire's. Vegard hadde hørt mykje bra om denne baren, og eg vil sei den levde opp til navnet og temaet sitt. I første etasje hang det enorme mengder med dollarseddelar i frå taket, og det heile var veldig gjennomført. Dette var ein skikkelig brun og fin bar.

Etter ein liten time på Mc Guire's trengte vi litt meir liv og gjekk øve veien bort til Coyote Ugly! Dei fleste jenter på min alder har vel sett filmen, og eg kan bekrefte at der var akuratt slik der var.

Dette var det første som møtte oss når vi kom inn døra. Her var det fritt fram for at alle som ville kunne ta seg ein tur opp på baren. 🙂 Forresten så er vi fortsatt litt usikker på kor ein del av Amerikanerane har hemningane/ sjølvinnsikten sin.. For ein del av påkledningen, eller mangel på påkledning, er virkelig uforståelig :-p

Desse guttane var heilt i hundre då dei meinte Mario var heilt lik ein kjendis dei kalla "Juan". Så då kjøpte dei drikke til oss og var heilt i ekstaste resten av kvelden!

Første kveld ute på byen var virkelig vellykka vil eg sei! Og i alle fall når samme taxisjåføren som kjørte oss til byn, kjørte oss heim igjen og. Eg tippe han blir den nye privatsjåføren vår her nede 😉

Neglefine fruer i Florida

Eg har lenge tenkt at eg har hatt lyst å fikse neglene mine når eg flytta bort her. Å fikse negler her kostar jo og ein brøkdel av prisen det gjer heime, så ingen grunn til å la være. På tirsdag så kjørte eg og Linda til nærmaste neglesalong og spørte om dei hadde tid. Veldig greit med drop-in! Dei hadde tid om litt, så vi fekk utdelt nåken fargekart for å kunne bestemme kva fargar vi ønska oss. Altså, det var jo ikkje så lett å velge når det var så mange fine fargar å velge mellom! Eg trur verken eg eller Linda hadde bestemt oss før vi absolutt måtte..:p Bare sjå litt av utvalget dei hadde då:

Linda tok pedikyr og ho! Eg angra litt når eg såg kor digg ho hadde da, så det får bli ein anna gang på meg 🙂 Vi har tross alt nok av tid 😉 

SAMSUNG CSC

Linda gjekk for glitter og rosa glitter på ringfinger og eg gjekk for rosa/fersken og glitter på ringfingeren. Eg la og på forlengelse av akryl. Han som la dei var så flink, det var tydelig at dette var nåke han kunne. Neste gang har vi bestemt oss for å gå for nåke litt meir vågalt. Kanskje…vi får sjå.. 😉 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Var dei ikkje fine? 🙂

#diy #negler #skjønnhet #usa #akryl #akrylnegler #dekor #makeup #sminke

DIY: Hekle ein kjøkkenklut med rutemønster.

Om eg har lite å finne på her? Nei, det er ikkje det. Kreativiteten blomstrar visst uansett kor eg er i verden.. Tråden kjøpte eg med meg heime i frå, og eg har med meg heklekrokar i alle størrelsar i tilfelle eg skulle få lyst å lage noko. Kjøkkenklut er jo enkelt å ta med seg rundtom, og fort gjort, så då blei det det. Vegard lurte på om vi ikkje bare kunne kjøpa kjøkkenkluta på Walmart, men han fekk klart eit “nei” tilbake. Litt heimekoselig må vi jo kunne ha det! 😉 Her kjem i alle fall oppskrifta på, det eg vil kalle, ein gammal kjøkkenklut. Den har slikt rutmønster som “gamle” kjøkkenhåndkle har. Eg fulgte bare ein video for oppskrift, den finn dåke nederst i innlegget. Lykke til! 🙂

SAMSUNG CSC

  • Eg brukte: Bomullsgarn og heklekrok nr 3,5. 
  • Eg la opp 51 luftmasker, så kluten ikkje blir så stor. Hekle deretter tre luftmasker til for å snu med. Desse maskene fungerer som den første staven. 
  • Hekle deretter slik ut omgangen:  2 stavar, ei luftmaske med hopp over neste maske, stavmaske i neste maske, ei luftmaske med hopp over neste maske og deretter 5 stavar. Gjer dette i tre omgangar og bytt til ny farge. Sjå gjerne på videoen under for bedre forklaring 🙂

SAMSUNG CSC

Som du ser så har eg bytta tråd ein del ganger, noko som vil gje deg ekstremt med lause trådar å feste når ein er ferdig med kluten.. Men då igjen, så blir den jo veldig fin 🙂 

SAMSUNG CSC

Her er videoen eg brukte til å hekle denne kluten 🙂

HER er link til enda ein kjøkkenklut med oppskrift 🙂

 

#diy #hekle #crochet #byidarossland #hobby #gjørdetselv #hjemmelaget 

Well spent Saturday

Lokal tid: Tirsdag kl 21:30

Her kjem lørdagen vår i bilder, bedre seint enn aldri vel 🙂 Vi var først ein tur på stranda og deretter på Rockin tacos for middag. Når vi kjørte til stranda så regna det, men på stranda var det blå himmel og sol. Det er visst heilt normalt her, at regn og tordenbyger er svært lokale. På Rockin Tacos bestilte eg alligator-taco. Det var ikkje nåke spesielt med smaken, kanskje litt blanding av kylling, svin og kvit fisk. Heilt greit, så no har vi smakt det og 😉 Dagane no har det regna for det meste.. Lite interessant med andre ord.. Idag har eg og Linda har vært å fått fiksa neglene våre, skal sjå om eg får lagt ut nåke bilder av dei i måro. No er klokka 21:30 her, og det er kun 3-4 timar til Vegard kjeme heim igjen! Woop! :p 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Denne sanden altså! Lurer på kor mykje eg skal ta med meg heim 😉

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#iviusa #florida #fortwalton #rockintaco #ferie #mat