Heima aleina etter ei fantastisk innhaldsrik helg. Har hatt besøk av tante, onkel og ungane og har servert i bryllup! No har dei reist heim og eg nyte stillheten på sofaen med nysteikte varme scones! Oppskrifta er enkel og det tok under 20 min frå start til slutt. 🙂
♥ 2 dl grov glutenfritt mjøl
♥ 2dl fint glutenfritt mjøl
♥ 2 ts bakepulver
♥ 1 dl smelta smør
♥ 1 dl kesam (eg hadde ikkje kesam og bukte creme fresh)
Bland det tørre saman og tilsett fuktigheten. Rør rundt med ei sleiv og fordel deigen i tre delar på ei bakeplate. Form dei til rundingar og klapp dei litt flate. Del dei halveis på midten så blir det lettare å dela.
Steik i ovnen på 230-250 grader i ca 10 -15 min.
6 kommentarer
Sconesen såg kjempe go ut! Liker når ting ikke tar for lang tid, så detta må eg prøva trur eg 🙂
Ønske deg en fin fin søndag!
-Elisabeth
Det så godt ut 🙂
De så gode ut! 😀
Nikita: Da var dei og! 🙂
Nam! flink du er! Eg veit kva eg skal laga til lunsj i dag!
Sunniva Næss: Og dei var veldig gode frøken! 🙂