Bodøhelg!

Å, som eg har kosa meg i helgo! Bodø var fint, helg med Vegard var endo bedre:) Eg fekk omvisning på basen, og kor han jobba. Spennande for ei som ikkje sjønne bæret av f-16 og sånne ting:-p Sjarmør som han er “feira” vi valentine med taco i messa(…), men eg fekk pizza på lørdagen då:) No er det heldigvis bare 1,5 veke til han kjeme heim for heile mars!

Forresten, sjekk dei fjella! Neste tur eg skal opp må eg ha med meg kamera, for detta var bare heilt nydelig!

Bodø!

Igår landa eg i Bodø! Då eg satt i Bergen på mandag så fekk eg for meg at eg skulle reise til Bodø i helga. Flybilletten blei bestillt, og plutselig var eg her! Har ikkje akkuratt fått sett så mykje enda, med tanke på at det var mørkt når eg kom og Vegard er på jobb no. Så akkuratt no sitte eg inne på kasserna hans og er innesperra på leir.. Jaja, eg har nå OL på tv og internett på pc’n, så eg overleve nok dei timane han har igjen. 🙂

Sicilia 2013

Litt bilder i fra sommarferien på Sicilia. 

Det var ikkje vanskeli å sjå kva dag som var søndag og fridag for dei fleste. Stranda på bildet ovanfor var det berre lokalbefolkningen som låg på, og den var stappfull i helga og spesiellt søndagen. Elska dei sjarmerande fargerike parasollane og eg tok sikkert bilde av dei kvar gang eg gjekk forbi.. (til Vegards store fortvilelse..)


Har ein mann som lett kan fanga fisk med hendo! Størrelsen har ingenting å sei.

Etna 3000 moh

Når me va på Sicilia så var Etna eit sjølvklart mål. Me kjørte buss opp til ca 2000 moh og vidare gjekk det taubane og jeepbuss til 3000 moh. Det var rart å kjenna kor lett sliten ein blei i beina og i pusten så høgt oppe.

Turistar på tur..

Papi og bonusmami <3

Når me kjørte taubanen så kunne me sjå restar av den gamle taubanen ligga under oss. Tippe Etna hadde tatt den med seg i eit tidligare utbrudd..

På 3000 m høgde. Her gjekk me rundt eit krater som det kom røyk ut av.

Sicilia!

Hurra!! Eg som trudde vi bare skulle vera heima heile ferien, men nei! Eg har så snill pappa og stemor som tar oss med til Italia.:D Blir herlig å ligga på solseng igjen og å oppleva ein ny del av Italia, nemlig Sicilia. Sandstrand og turkis sjø, nydlig. Reknar med ein tur på Etna! Sjå så fint

Take me back..

 

Gull til meg!

 photo anigif_zps16e782fa.gif

 

Bildene er tatt i Fjellhaugen:)

Hyttekos

Vågsli var herlig. Her er utsikten me har i frå hytto. 

 Og for ein solnedgang det var den eine kvelden. Såg på Instagram og Facebook at det må ha vore ein nydelig solnedgang heima og.

Vi åt god mat og eg var supersøster då Mats blei 14 år. Oreokaka og liksom-makronar var på bordet. Makronane var frå ein sånn posepakke frå butikken, men alikavell blei dei ikkje som dei skulle.. Bedre lykke nestegang!

Gull og telemark!

Vågsli idag! Nok ein dag med nydelig vær og skikos. Kom oss seint ut i bakken idag, måtte sjå Johaug knuusa alle! Hurra!

Då me endelig kom oss i trekket, så hadde eg jo ikkje gli, eller stålkanta! Herregud, mamma hjelp! Så eg leigde meg telemark. Hehe, første gang på telemark gjekk relativt greit, men fy søren så tungt det er! For ikkje å snakka om at Mats blei lei av å venta på meg..men eg bakte kaka til han når me kom heim, så eg er tilgitt!

Dagen i bilder:

Ut på tur!

Idag har me vore på ein 3 timar lang skitur på viddo. Tok trekket opp (må vær lov å juksa litt) og gjekk innøve mot Haukeliseter. Knallvær idag og, som bildene viser. Var kanskje litt bratt på vei ned trekket igjen, så eg prøvde meg på telemarksvingar.. Velvel, eg prøvte i alle fall! Kjekk tur:) I måro blir det i trekket!