Klassetur til Italia

Forrige veke kom eg heim i frå ein fantastisk kjekk og opplevelsesrik skuletur til Italia. Vi var både i Bologna, Firenze og Pisa så vi fekk sett mykje på dei 3 dagane vi var der. 

Vi var og på vinsmaking hos Bibi Graetz. Bibi har norske aner, snakka norsk og har i over 10 år produsert vin ved vingården, og slottet, Vincigliata. Han selger mykje vin inn til Norge og i 2005 produserte han Italias dyraste vin til 4575 kr pr flaske. Han er og kåra til å ha laga verdens beste vin. Han bur på slottet med familien sin på 5, og heile atmosfæren rundt på området var fantastisk.   

Siste dag i Bologna. Eg og Mona var på date og fekk servert verdens beste pasta!:)

I Pisa!


 

Bodødag

Ahh, endelig ein dag eg fekk sova ut. Bare sjå kor lykkelig eg var når eg innsåg at eg hadde sove til kl var 11:30! Det var nemlig ikkje vanlig tidlig flygning idag, noko som betydde rolig start på dagen. Vegard sa det hadde vært ein scramble kl 10:30, men kroppen min må ha vore i koma- for det har ikkje eg fått med meg :p 

Vi har og pakka i bilen idag, huff det blei fult. Bare vinterdekka tar jo heile bagasjerommet, så det blir trangt. Får bare håpa vi ikkje treng å overnatta i bilen på vei nedøve. For nokon plan, det har vi ikkje! Etter vi hadde sett Frankrike – Tyskland spelte vi Frisbee-golf. Dette er visst nok som er veldig populært her i Bodø, det er jo i alle fall tre banar her i byen. Det var egentlig heilt greit, ikkje noko meir eller mindre. Egentlig eit drittspel når eg kasta frisbeèn i skogen… Det beste med det heile er vel at klokka nærma seg midnatt når desse bildene blei tatt. Midnattsola her er so fantastisk. Eg er heilt fasinert. No, klokka 01:30 er det like lyst som midt på dagen! Fantastisk fint!


Fine Nord!

Malaga vol.III

Mi fine spreke mamma! Love you!

 Vi har alltid hatt lyst å prøva fish-spa, men har liksom aldri komt oss til å gjere det. Herregud kor rart det var! Fiskane var jo reine kjøttetarane.. Vegard blei faktisk bitt til blod, og dei jobba kraftig med å få i seg mest mulig av det..:p


Tapasresturant

Min fine <3

Spania tapte første VM-kampen sin, men det var alikevell liv i byn.

På naboresturanten var det nok bra liv heile kvelden 😉

Takk for ein nydelig fin tur! 🙂

Malaga vol.II

Her kjem litt fleire bilder i frå veka i Malaga. Eg tok så utrulig mange koselige bilder, så det var vanskelig å velge ut nokre få. 🙂


 

Malaga vol.I

Vi er heldige altså! Forrige fredag, etter bacheloravsluttningen, reiste eg til Flesland for å møta Vegard. Vi visste ikkje noko om kortid flyet vårt gjekk, bare at det var tidlig på lørdagen. Kl 02 kom mamma og Harald, og vi kunne venta på å få sjekka inn bagasjen. Harald klarte å holda seg, så vi hadde faktisk ingen aning på kor vi skulle reise til før vi boarda ombord på flyet. Turen gjekk til Malaga! 😀 Vi har hatt ei nydelig veka der nede. Sol, shopping, god mat, drikke og ikkje minst selskap.:) 

Pakketips til ferien!

No er det ikkje lenge før det er ferietid! Neste helg reiser eg på ferietur, men eg har ingen anelse på kor vi skal..Gøy! 😀 Eg har i allefall laga ei lita huskeliste på det som er viktig å tenke på når ein skal pakke til ferien, og då varmare strøk. 🙂

♥ Ting du må ha med: Passet, bankkort, reisepapir og litt cash

♥ Husk å sjekk at passet ikkje er gått ut på dato. Ved avreisedato må det og være minst 6 månadar til det går ut på dato. 

♥ Lader. Husk lader til alt. Kamera, mobil osv. Det mest kjedelige i heile verden er at kameraet går tom for batteri, også har du glømt lader. 


♥ Snacks og drikke. Eg trenger i allefall alltid nåke meir enn maten vi får på flyet. Den er ofte tørr og kjedelig. Litt nøtter, frukt, sjokolade og vatn er deilig å ha tilgjengelig i veska. 

♥ Skjerf. Eg har alltid eit skjerf med meg på flyet, uansett om eg skal til Tyrkia eller til Bodø. Dette er pga airconditionen som dei alltid skal ha på fullt.. Aircondition og meg = forkjøla, og eg nekter å starte nåken reiser med sjukdom! 

♥ Ekstra skift. Ha alltid eit ekstra skift i handbagasjen, evt lettare kler som du kan kle deg i når du kjem fram. Det å sitte i varm bukse og genser på vei til hotellet er døden. Derfor har eg alltid med meg ein skjorts eller eit skjørt som eg bytter til på flyplassen når eg landar. Dessuten kan kofferten bli vekke på veien, og då er det greit å ha bikini og skjorts klar uansett. 

♥ Ha verdisakene i handbagasjen. Det kan skje at bagansjen blir vekke eller blir stjelt, og då er det greit at ikkje kameraet til fleire tusen ligg i den. Kjipt med alle feriebildene som blir borte. 

♥ Øyreproppar. Øyreproppar er gull verdt på flytur. Det stenger skrikande ungar og flybråk ute, og gir meg rolig og god musikk til å sove på.

♥ Tenk i gjennom kva du treng. Du treng ikkje fem skjortsar til ein sjudagars ferie.

♥ Ta alltid med fleire bikiniar! Det verste eg veit er når eg får stygt og tydelig bikiniskille. Dessutan kan det fort bli krise om den eine blir ødelagt.

♥ Ta med mask tre par sko: Converce, ballerina og sandalar. 

♥ Pakk klær som kan miksast, då treng du færre klesplagg. Du treng ikkje ein ny kjole for kvar dag, og tenk heller basisplagg som kan brukast til alt. 

♥ Ha litt ekstra plass på vei ned. Eg likar i allefall å ha muligheten til å kjøpe nåke når eg er på tur, og det verste eg veit er å betale overlast. Vegard er heller ikkje så fan av at eg bruker han koffert fordi eg har handla for masse..

 

♥ Solkrem! Alltid husk solkrem. Sola er mykje sterkare enn kva vi er vane med her i Norge. Eg har i alle fall så lys hud at eg ikkje kjem unna å bli solbrent uansett. Eg har med meg alt i frå faktor 10 til 30. Anbefaler og å kjøpa solkrem før du reiserHeldigvis er eg ikkje blitt voksen endo, så mamma kjøper den fortsatt til meg 😉

♥ Ta shampoo og balsam over i små reiseflasker. Du får brukt favoritten din, pluss det tar mindre plass. Flasker får du kjøpt på HM.

♥ Førstehjelp. Om du ikkje reiser med ein sjukepleier (dei har alltid allt slik med seg), så må du nok pakke litt sjølv. Paracet, idoform, plaster, eksemsalve osv. 🙂

♥ Handkle. Du kan alltids kjøpe hånskle der du skal, men eg synes det er best å ha med mitt eige. Det er allerede vaska fleire ganger og absorberer i det minste vatn, i forhold til dei du kjøper på stranda til 50 kr. 

 

Her er eit bilde av ein fisk Vegard fanga på Sicilia. :p

Pink night

Igår kveld farga sola himmelen og fjella her i ein nydelig rosafarge. Til sommaren er det jo midnattsol, det glere eg meg så til! Er så lenge sidan eg har sett det no, at eg trur ikkje eg huskar det. Håper eg får nåken bra bilder då 🙂




Siden sist

I helga har det vore nydelig vær, noko det forsåvidt fortsatt er.:)  På lørdag var vi i byn og åt og i går var vi på luftfartsmuseumet! Vegard blei så gira og glad når han innsåg at eg ville på fly-museum! Det er ikkje lenge før vi reiser på sør no. Neste gang eg kjem til Bodø er det total midnattsol, det blir spennande! 😀


Same old, same old

Dagane mine her i nord er egentlig ganske like. Eg står opp kl 09:30 når QRA´ane tar av, då rister heile kasserna, lyden er heilt intens og det er virkelig ikkje mulig å sova lenger. Så slår eg sammen sovesofaen og sette meg på Mac´en for å starte med bachelorskriving. Idag er eg endelig begynna på metodedelen, så no har vi bare tolking og anbefaling igjen. Eller, bare og bare, men vi har satt oss som mål å vere ferdig til søndag. 😀 No har eg laga meg pannekaker, av havregryn, egg og litt kakaopulver og venter bare på at Vegard skal komma heim så vi kan gå på trening! Mulig vi skal spela frisbeegolf idag og, hørt om det før?

Spontantur!

På lørdag gjekk det fort føre seg altså. Når klokka var 15:30 fant vi ut at vi skulle ta ein tur til Danmark! Vi bestillte billettar med Superspeed, for latterlige 330 kr for 3 personar tur/retur :p Vi fekk ein liten time i Hirtshals, og på den tida rakk vi akkuratt å gå på bar. Gutane var altså fornøyde med besøket i Danmark..Utrulig deilig å ha mulighet til å ta ein sånn tur når ein bur så nært  🙂 Neste gang får vi ta ei helg i Ålborg! 🙂