Åhh, det er ikkje nåke som er bedre enn sommar og grillmat! 🤩 Eg kan fint grille kvar einaste dag når det er fint vær, så då er det viktig at eg klarer å variere litt på rettane som skal lagast. Og ikkje minst på tilbehøret..😅
Dagens meny besto av kyllingfilet med Nicolas Vahe sin dry-rub, grilla ananas, tomatsalat og ris. Og bare ja, detta va godt og kan virkelig anbefalast!
Tomatsalat med granateple og persille
Enkel, frisk og god tomatsalat som eit perfekt tilbehør til kylling og fisk, og spesielt no når tomatene er så gode som dei er!
Her blanda eg bare cherrytomater, granateple og grovkutta persille saman i ei skål. Tilsatte litt olje, salt og pepper og lot det stå i 15-30 min før servering.
Oppskrifta fann eg her
Grilla ananas med lime og chili:
- Del ein heil ananas i båtar og kutt vekk den harde «trekanten» på toppen av båten. Det midt inni ananasen er hardt og ikkje nåke godt å eta.
- Bland chilikrydder, salt og raspa limeskall sammen i ei lita skål.
- Grill ananasen på grillen til den er blitt lett karamellisert.
- Dryss chili, salt og lime på ananasen før servering.
Såg ikkje dette godt ut eller? 🤩