Endelig!

Hurra! Eg kan endelig bevega meg ut av den eksamensbobla eg har budd i denne veka, og begynna å leva eit liv igjen. Eg har sete på skulen i fra kl 7 til 22 fleire dagar, og det seier seg sjølv at ein blir lei. Fekk sikra meg ein god karakter i munnlig internasjonal markedsføring, der vi skulle representera eit styre som skulle diskutere forskjelige cases som vi fikk utlevert. Var ekstremt mykje å setta seg inn i, men det var så verdt det når eg til slutt fekk B ! Men, eg har ingen tid å mista. I kveld kjeme Vegard og på onsdag reiser eg til Bodø, så no må eg sette jernet på bacheloren før avreise. Vi skal nemlig ha intervju med oppdragsgiveren vår på tirsdag, og eg må skrive ned spørsmåla. Adjos!

Har vel vore litt mykje på skulen, og på samme grupperom, når eg har fått eigen lapp utpå :p Tar hinten, så no kan nåken andre få overta!

Plutselig heime!

No sitte eg heime i Rosendal og les til eksamenane eg skal ha neste veke. Kanskje ikkje heilt ideellt å reise heim helga før eksamen? Men siden Mats skal feire konfirmasjonen sin på søndag så hadde eg ikkje hjerte til å ikkje komme. Hadde nok og syns synd i meg sjølv om eg skulle sitte i Kristiansand og tenka på at alle var heime og kosa seg uten meg :p Mats visste ingenting om at eg kom, men ungdom som han er sjønna han ikkje at han skulle vere overraska før Ann Helen sa noko om det…:p #fjern Godt å vera heime igjen!


Under er det eit bilde av Nåso, som eg var på i påskehelgo. Er utrulig kor mykje snøen har smelta siden eg var der. Kan nesten ikkje klara å sjå for meg kor det var vi gjekk opp!

#hjemme #natur #rosendal #mat #reise #fly #sommer

1.mai? Kva er det

1.mai er ingen hindring, vi har vore på skulen i over 10 timar idag! Men gu så vi kosar oss då..! #livsnytere


Fekk og eit bilde fra Vegard idag. I Bodø SNØR da… Det blir så fjernt for meg, då eg tok bilde til venstre då eg gjekk til bussen idag. Altså, snø i mai? Håper for all del det ikkje er snø der når eg reiser opp om to veker!

Konkurranse: Vinn klokke

Eg har tdligvis vært på vinnerbølgen i det siste. Var med i enda ein Instagramkonkurranse før påske, og jammen vant eg og. Eg satt å jobba med produktplanlegging-oppgåva mi, eit fag eg har på skulen, då eg kom over denne konkurransen. Vi skriv nemlig oppgave om dei nye produkta til TINE, TINE 14. Konkurransen gjekk ut på å legge ut eit bilde på kva du gjore på kl 14. Eg la ut bildet under: 

Dette syntes TINE heldigvis var kreativt nok til at eg fekk tilsent ei TRIWA klokke til verdi 2300 kr !! :O Var den ikkje kul? 🙂 Eg elske den allerede. Har gått med den kvar dag siden eg fekk den i posten ^^

#klokke #konkurranse #shopping #interior 

Kjoletirsdag

Åh, idag er det heilt fantastisk her på sørlandet! Det minner virkelig om sol og sommar. Sjølv om heile dagen skal tilbringast på skulen så måtte eg utnytta sjangsen til årets første kjoledag!

Start-Viking

For ein fin søndag! I går var det jo skuleball så dagen i dag starta litt seinare enn andre kvardagar, for ja i hovudet mitt var det ein kvardag i dag. Eg var på skulen frå halv 11 til 17 og for deretter direkte på Sør Arena for å sjå Viking vinna øve Start. Me satt jo selvfølgelig på bortetribunen og midt innimellom Viking-hordane. Då Viking scora etter 4 minutt, var stemningen for resten av kampet satt. Det var kjekt å gjere noko anna ein søndagskveld!


Jentekveld!

På fredag var vi invitert på jentekveld hos Therese! Ho har nett flytta inn i heilt nybygd leilighet litt utenfor sentrum.:) Å gu så fint, koselig og moderande det var der! Må være deilig å ha noko eige å bu i!:-) Vi hadde ein fin kveld med ost, kjeks, frukt og vin til dei som ønska det. Sjølv om alle var relativt trøtte etter jobb, skule og eksamen, så hadde vi ein veldig koselig kveld 🙂 Festinga tar vi igjen etter eksamen!

Konkurranse: Vinn vikingsko!

For ei stund tilbake var eg med i ein Instagramkonkurranse der Kamille og Viking gjekk sammen om å dele ut eit par nye Vikingsko! Eg hashtahha nåken gamle bilder eg hadde lagt ut før, og tenkte ikkje nåke meir over det. Plutselig ein dag før påske fekk eg melding om at eg var den heldige vinnaren av eit par nye Viking gore-tex Airflow!

Skoa både pustar og er vanntette, så dette passar jo fint sidan eg alltid går med tøysko når det regnar. Det er nok kanskje ikkje førstevalget mitt om eg sku ha kjøpt skoa sjølv, men eg reknar med at dei veks på meg! Dei blir nok ikkje så mykje brukt før til hausten då, men uansett kjempegøy å vinne noko! 😀

Her er bildet eg vant med :

gNnkHVxZrG

Her kan du lese meir om skoa

Jobbhelg!

Denne helga har eg jobbhelg, jobbar tidlig idag og i morgon. Men det hindrar ikkje meg i å klare å presse inn både ein bursdag og eit ball! Dette blir siste “kos” før eksamen og oppgaver er ferdige.. 🙂

Fint vær er det selvfølgelig og ute… Får trøste meg med at lønn og oppgåver er viktigare nett no:)

Middagstips: Speltlompe og cottage cheese lasagne!

Denne middagen var virkelig god, også så enkel å lage!

Eg brukte: 4 speltlomper, kjøttdeig, tomatpurè, løk, mais, 2 gulrøtter, 1 boks cottage cheese

♥ Sett steikeovnen på 200 grader og steik kjøttdeigen med løken. Tilsett tomatpure og passelig mengde med vatn, krydre godt.

♥ Nederst i den ildfaste forma la eg to speltlomper, så eit lag med halve kjøttdeigsausen, 1 gulrot og halve cottagecheesen. Så la eg eit lag til før eg toppa det heile med krydder og litt ost.

♥ Steik det heile i ca 10-15 min til osten er klar.

Det smakte veldig tomatpure, så nestegang trur eg eg skal bruke litt meir tid på sausen og kanskje lage ein ostesaus og. Alt i alt var det veldig godt, og eg kjem nok til å lage det igjen! 🙂 Har i allefall middagar for fleire dagar framøve no :p