Det første du gjer er å tegna eit mønster, altså størrelsen på vimpelen. Eg valgte 15cm bredt (øverst) og 15cm langt (fra midten øverst til vimpelens spiss). Tegn opp på stoffet og klipp ut. Husk å ikkje klipp heilt inntil mønsteret, men litt utfor. Eg har lagt stoffet dobbelt då eg kjøpte 30 cm bredt stoff, slik får eg to og to like vimplar.
Legg vimpelen rette mot rette, og sy sammen mot spissane.
Vreng vimpelen rett og stryk!
Deretter er det bare å sy på skråbandet, og voila!
Vilde var i allefall i himmelen når ho pakka opp si vimpelrekke! Tenk å bli så glad, det gjor i allefall godt 🙂
Lamper fra Northern Lightning, Hushylle fra Bloomingville, Fjærpute, Sofa fra Bolina HER, Stolar i fra Arne Jacobsen i verdens kulaste fargar (DIVINA MD 813 – MINT OG DIVINA MD 213 – WARM SAND) , men med tanke på at ein stol kostar 6000 euro så er jo det litt vel urealistisk.. Ein god kopi HER
No er det bare 26 dagar til Vegard kjeme heim og skal vere heime i ein mnd. Måtte dei 4 neste vekene gå kjempefort og at eg har mykje å gjere. 🙂
Denne veka har eg i allefall fullspikka. Jobb og skule mandag til onsdag, før eg reiser til Oslo på torsdag og har forelesing i metode til bacheloren. Synes egentlig ikkje det er så stress å reise til Oslo, er eigentlig ganske gøy 🙂 Fredag reiser eg og Kristin til Bergen for å feire Ruth i helga! Det blir så gøy, skikkelig “slumber party” 😀 Blir godt med nåken dagar hos Marte og Ruth, eg reiser ikkje tilbake til Kristiansand før mandags kveld 🙂
Sidan Vegard har reist i fra meg trengte eg nåke godt å kosa meg med i kveld. Eg har kjøpt meg nye muffinsformer, så det frista veldig å ta dei i bruk! Eg fann ei god oppskrift hos Kristine Weber. Veldig enkel og fort gjort, og i tilegg samak den heilt himmelsk! Eg toppa muffinsen med philadelphia sjokolade. *Nam*
Det du treng er: 2 egg ♥ 1 ss kesam ♥ 30 g sukrin gold ♥ 20 gr mandelmjøl ♥ 20 gram sjokoladeprotein ♥ 1 toppa ss kakao ♥ 1 ss sirup (yacon, agave, honning) ♥ 1 klype salt
Start med å skilla egga i to bollar. Pisk plommene samen med kesam, sukrin og sirup. Tilsett deretter proteinpulver, mandelmjøl, kakao og litt salt og rør samen til ei seig røre. Stivpisk så eggekvitene til dei er heilt stive og vend dei inn i sjokoladerøra med ein slikkepott. Fyll opp muffinsformene og steik på 175 grader i ca 12- 15 minutt avhengig av størrelsen på formene.
På jobb har vi fått inn nåken ekstremt kule korger og slikt fra House Doctor. Til ein så fantastisk grei pris, for nåke så kult, så klarte eg ikkje å gå i fra dei. No er det endelig orden i skittentøyet og alt anna eg ikkje veit kvar eg skal gjere av 😉
Til julegaver i år laga eg litt heimalaga. Alle blei så glade, det varma 🙂 Putetrekka er laga med linstoff fra ikea, pynteband og bildemotiv fra stoff og stil 🙂
Denne hadde eg tenkt besto skulle ha strikkepinnar i, men ho meinte den passa perfekt til dessertskeiene i sølvtøyet hennar! Eg er egentlig enig i det 🙂
Yuhuuu! Har fått meg vol.2 krølltanga til Mast og Makestyle. Har vol.1 fra før av, men den gir fort små korktrekkerkrøller, noko som eg ikkje ønsker.. Vol.2 er supergod og gir store fine naturlige krøller, akkuratt som eg vil ha 🙂 Var ikkje så enkelt å få gode bilder av håret, men litt speilbilder får holda 🙂 (med skittent speil ser eg)…
Dette blir ei hard veke. Eg må jobbe kveld nesten kvar dag, skrive bachelor og vere i forelesing. Eg bare håpar eg ikkje blir meir sjuk no, for det er det faktisk ikkje rom for på jobb eller privat. Den store belønningen på slutten av veka blir at Vegard kjeme heim på fredag <3 Det skal bli godt med helg. I februar skal eg i allefal ikkje jobbe så mykje som eg har gjort i januar, det går ikkje.
Her har snøstormen meld seg i natt og det har snøa siden i går kveld.. Som sagt skulle vi jo egentlig begynne på bacheloren idag, men å kjøre i fra Grimstad til Kristiansand i dette været er ikkje akkuratt så kjekt. E39 på ein snødag= kaos. Så vi bestemte oss heller for å ta det over pc og telefon 🙂
Så no sitte eg her med ein ganske ok+ frokost, og prøve å gjera starten på denne veka så bra som mulig. Skal på jobb seinare og eg gruer meg til å gå til bussen i dette været..