Eg har allerede starta veka med 8 km (!!) på mølla. Eg er så stolt 😀 At eg klarte å holda ut så lenge, utan å gå, er fantastisk. Eg er visst ikkje så gale trent som eg sjølv trur. Eg har og funne ut at om eg trenar på morgonen så får eg ein mykje betre dag. Eg et bedre og slepp å sitte heile dagen og “planlegge” når eg må gå i frå skulen for å trene. Trener eg tidlig er det heller ikkje så mange folk der, heilt supert ! 🙂 Slik ser veka mi ut:
Om eg klarer å gjennomføre denne veka vil eg sei eg er svært fornøyd på treningsfronten! Kan nok ikkje love noko, men det er bedre å ha ein plan enn ingen. Ikkje sant? 🙂
Linda Stuhaug er ei 20 år gammal jente som er utrulig inspirerande og flink til å lage gode og smakfulle rettar. Ho bloggar om sin store lidenskap for ein sunn livsstil. Rettane er heller ikkje så innvikla å lage, så det er nok noko som dei aller fleste klarar. På bloggen sin har ho tips og oppskrifter på sunne alternativ ti frokost, lunsj, middag, kvelds, snacks, bakst, kaker, dessertar og meir. Den siste mnd har ho i allefall inspirert meg til å kokkelera litt ekstra på kjøkkenet. Bare ta ein kikk på bildene under, er det ikkje firstande? Anbefalar verkeleg ein tur innom bloggen hennar. 🙂
Vi har kosa oss så med besøk i helga! Etter at Gunn og Jan hadde reist heim for helga så rydda og vaska vi heile leiligheten. Vegard skrubba steikeovnen til den store gullmedaljen i sikkert ein time! Vi fann ut at ei real belønning var fortjent, så no har vi laga sjokolademuffins. Det var jo gjort på 1-2-3 sidan eg hadde ein pakke fra funksjonellmat ståande. Så for å gjere den litt meir avansert så laga vi og heimelaga vaniljekrem, utan sukker. 🙂 Oppskrifta på vaniljekremen er nok ein gang henta hos Linda Stuhaug.
Start med å blande mjelk og sukrin i ei panne. Del vaniljestengene og skrap ut frøa med ei skei, og ha både frøa og stengene oppi mjelkeblandinga. La dette varme seg opp til kokepunktet, og sett blandinga til side og la det stå å trekke seg litt slik at vaniljen får avgitt smak. I ein bolle for seg sjølv pisker du eggeplommene og maizennamjølet i lag. Ta vaniljestengene utav mjelkeblandinga og tøm halvparten av blandinga over i bollen med egg og maizenna. Rør rudt før du heller alt saman tilbake i kjelen og varmer opp på ny. Hugs å rør heile tida. Når blandinga når kokepunktet så er den begynna å tjukne, så då kan du trekke den til side. Den skal då være passe tjukk, som vaniljekrem, om ikkje la den stå litt lenger på plata. Så enkelt!
Vi hadde altså ein dæsj med vaniljekrem i midten av sjokolademuffinsen før den skulle i ovnen. Og resultatet var himmelsk! Og det beste av alt, kakemixen smaka faktisk godt. Til og med Vegard godkjente den som sjokoladekake. *tommel opp* 😀 No skal vi kosa oss med resten av muffinsane og sjå på White Collar, er heilt hekta:D
For ein god start på helga! Først sto eg opp med Vegard og var på Elixia før kl 07:30. Der fekk eg sprunge litt intervallar og trent styrke. Etterpå tok eg turen opp på skulen jobba godt med eksamensoppgåve i internasjonal markedsføring fram til 15:00. Kl 12 kom eg plutselig på at eg tidligare i veka hadde kjøpt lodd til vinlotteriet vi har, og når eg i tilegg vant så var fredagen komplett! 😀
I helga har vi og besøk av Gunn og Jan, foreldra til Vegard, så dette blir ei fin helg 🙂 No skal eg og Gunn på IKEA *hurraa* 😀
For ei fin helg og søndagsmorgon! Fredag kveld kom eg heim og denne gangen var Vegard med meg og. Endelig skal han få vere heime i ein heil mnd før han må på nord igjen! Det er so godt å ha han heime 🙂 Eg har starta dagen min med oppgåveskriving og ein superfrokost, det gjer meg så motivert for trening så eg trur det blir ein tur ned på Elixia idag. Det er i alle fall planen om ikkje Vegard har ombestemt seg då.. I natt har vinteren meldt sin ankomst igjen.. Reknar ikkje med den har tenkt å vere lenge (?), for eg er så klar for vår og varme no!
Endelig på vei heim til Uskedalen og Rosendal! Det blir bare nåken dagar heime, siden eg må til Oslo på fredag:) Før eg reiste idag hadde eg ein liten eksamen, som eg rekner med gjekk heilt greit. Skal bli deilig med nåken fridagar no 🙂
Å, som eg har kosa meg i helgo! Bodø var fint, helg med Vegard var endo bedre:) Eg fekk omvisning på basen, og kor han jobba. Spennande for ei som ikkje sjønne bæret av f-16 og sånne ting:-p Sjarmør som han er “feira” vi valentine med taco i messa(…), men eg fekk pizza på lørdagen då:) No er det heldigvis bare 1,5 veke til han kjeme heim for heile mars!
Igår landa eg i Bodø! Då eg satt i Bergen på mandag så fekk eg for meg at eg skulle reise til Bodø i helga. Flybilletten blei bestillt, og plutselig var eg her! Har ikkje akkuratt fått sett så mykje enda, med tanke på at det var mørkt når eg kom og Vegard er på jobb no. Så akkuratt no sitte eg inne på kasserna hans og er innesperra på leir.. Jaja, eg har nå OL på tv og internett på pc’n, så eg overleve nok dei timane han har igjen. 🙂
Gud for ei fantastisk koselig helg eg har hatt i Bergen! Fredag var eg med pappa på Potetkjelleren og hadde ein nydelig 6-retters, og lørdag var det shopping og eiring av Ruth sin 22 års dag 🙂 Er så glad for at eg reiste til Bergen denne helga, er så kjekt å sjå alle jentene igjen 🙂
Vi har og feira mødrene våras i kveld, med ferske og gode skillingsbollar! <3
Kom over ein artikkel på nettet som er genial for oss studentar som slit med alt pensumet vi har. Eg sjølv er ikkje spesiellt god til å lese, og om eg les så kan du vere sikker på at eg ikkje huskar kva eg har lest 5 min etterpå..
Tomas Dalstrøm som er forfattar av boka “Best i text”, meiner at dagens multitaskingkultur er eit hinder når det gjeld å få informasjonen vi les “programmert” i minet. Vi gjer for mange ting på eing gang, og sjekker stadig sosiale medier, mail og sms, som igjen gjer at hjernen ikkje får nok ro til å fokusere på ei oppgåve. Dette kjenner eg meg veldig igjen i.. Tv’n står på og mobilen og ipaden ligg stadig ved sidan av meg.
1. Begynn tidelig, det er bedte med ein time om dagen enn ti timar ein dag.. Det tar tid for hjernen å sette samen ny informasjon til eit mønster og til forståelse. Før det kreves refleksjon med pausar innimellom. Denne kan eg vere med på.. Eg er svært god på å nilese, og ikkje få med meg noko.
2. Bruk mobilen for å repetere. Skriv ned det du ønsker å huske, sett på alarmen – forsøk å huske- og sjekk fasit. Gjer det feks på bussen eller andre stader du har tid til overs. Det å bruke mobil som eit element til repitisjon blir for meg bare fiasko. Tenk på alle andre mulighetene ein har med ein telefon? Facebook, Instagram, Snapchat og Candy Crush? Nei, mobilen må vekk for min del..
3. Stol på hjernen din. Den arbeider heile tida utan at du er oppmerksom på det. Den kobler det du repeteret til den informasjonen du allerede har i langtidsminnet, sorterer og skaper ein ny forståelse og kunnskap om det. Merkar sjølv at når eg er inne i ein eksamensperiode, og etter, at eg tar meg sjølv i å bruke teorien i faga i dagliglivet. Eg sammenligner og sett ting inn i teoriar. Ubevisst har eg altså lært noko, Jippi!
4. Les i 50 minutters intervallar i fred og ro. Slå av mobilen og unngå å sjekke sosialemedier på pc eller padde. Til og med musikk som du likar forstyrrer læringa. Ta ein kort pause og start på igjen. Vil og legge til at det mest sansynlig er best å ikkje lese heime. Oersonlig så finne eg alltid andre ting eg “skal bare” gjere først.. Så plutselig er klokka 18 og dagen er over.