Sida det kan bli litt tungvint å måtta reisa heim til mamma kvar gang eg er tom for knekkebrød, så tok eg hintet då eg fekk oppskrifta til jul. No, to mnd etter, har eg endelig kjøpt inn alt eg treng.
Til to brett med knekkebrød treng du:
2dl havregryn
2dl sammalt rug grov
2dl solsikkefrø
2dl sesamfrø
2dl havrekli
2dl kruskakli
1dl linfrø
1 spk fiberhusk
2ts salt
7,5 dl vatn
1. Sett ovnen på 150 grader
2. Bland alle ingrediensane i ein bolle og la det stå å svelle i ca 10 min.
3. Fordel blandinga på to steikebrett med nytt bakepapir. Viktig at det blir ca lika tjukt overalt. 4. Sett eit brett nederst i ovnen på 10 min. 5. Ta brettet ut og del opp i passelig store bitar. 6. Sett brettet inni igjen, og la det steika i 75 min.
7. Slå av ovnen og sett døra på glytt i ca 10 min. (Knekkebrøda skal være harde) 8.Ferdig!
Eg har og strødd litt havsalt over knekkebrøda før steiking.
Har du varmluftovn kan du ha begge bretta inni på ein gang.
Vågsli var herlig. Her er utsikten me har i frå hytto.
Og for ein solnedgang det var den eine kvelden. Såg på Instagram og Facebook at det må ha vore ein nydelig solnedgang heima og.
Vi åt god mat og eg var supersøster då Mats blei 14 år. Oreokaka og liksom-makronar var på bordet. Makronane var frå ein sånn posepakke frå butikken, men alikavell blei dei ikkje som dei skulle.. Bedre lykke nestegang!
Vågsli idag! Nok ein dag med nydelig vær og skikos. Kom oss seint ut i bakken idag, måtte sjå Johaug knuusa alle! Hurra!
Då me endelig kom oss i trekket, så hadde eg jo ikkje gli, eller stålkanta! Herregud, mamma hjelp! Så eg leigde meg telemark. Hehe, første gang på telemark gjekk relativt greit, men fy søren så tungt det er! For ikkje å snakka om at Mats blei lei av å venta på meg..men eg bakte kaka til han når me kom heim, så eg er tilgitt!
Idag har me vore på ein 3 timar lang skitur på viddo. Tok trekket opp (må vær lov å juksa litt) og gjekk innøve mot Haukeliseter. Knallvær idag og, som bildene viser. Var kanskje litt bratt på vei ned trekket igjen, så eg prøvde meg på telemarksvingar.. Velvel, eg prøvte i alle fall! Kjekk tur:) I måro blir det i trekket!
Har tatt meg litt vinterferie og har reist til hytto på Vågsli! Knall sol og blå himmel møtte oss her. Glede meg til nåken fine dagar på ski og kos med familien! 🙂
Hadde egentlig slått meg til ro med at eg ikkje kom til å få nåke og at denna dagen er overamerikansk. Men så kjeme samboeren inn døra med to store bukettar roser og sjokolade!
Gjett om er blei glad! Har smilt fra øyra til øyra i heile ettermiddag 🙂